Koronavirus - info 815 55 015. Kommunal infoside

Kartlegging av viktige naturtypar

Måndag 11. mai sende Bømlo kommune ut ein sms til delar av befolkninga på vegne av Fylkesmannen i Vestland. Det gjaldt kartlegging av viktige naturtypar i delar av Bømlo kommune.

Kartleggingsområfe 2020 viktige naturtypar Mosater og Kuleseid. - Klikk for stort bilete

Måndag føremiddag vart det sendt ut sms frå Bømlo kommune, på vegne av Fylkesmannen i Vestland, til delar av Bømlo med følgjande tekst:
 
Sommaren 2020 blir det, på oppdrag for Miljødirektoratet, gjennomført kartlegging av viktige naturtypar i delar av Bømlo kommune som kan omfatte din eigedom. 
 
 
 
 
 

Oppdraget

Fylkesmannen har, på oppdrag frå Miljødirektoratet, foreslått område for kartlegging av naturtypar i 2020. Det er mellom anna lagt vekt på område der ein antar at det kan finnast truga eller sjeldne naturtypar, og område med stort utbyggingspress. Miljødirektoratet har brukt forslaga frå Fylkesmannen som grunnlag for å prioritere kva område som skal kartleggast i 2020.
 
I Bømlo kommune gjeld dette:
Området Mosterhamnområdet (rekartlegging)
Området Kuleseid – Bømlahuk
Sist endra 13.05.2020 12:41
Fant du det du leitte etter?
 
Login for redigering