Kvednahaugen - ny oppstartsmelding

Med heimel i plan- og bygningslova § 12-8 vert det med dette meldt at Gøtz AS  på oppdrag for Bømlo Mesterbygg AS, set i gong arbeid med detaljregulering for Kvednahaugen, del av gnr.101 bnr.12 m.fl., Meling, Bømlo kommune (PlanID: 201308).
 

Kvednahaugen, del av gnr.101 bnr.12 m.fl., Meling. Ny oppstartsmelding. (Gøtz AS) - Klikk for stort bilete

Ny melding om oppstart av detaljregulering

Viser til tidlegare oppstartsmelding (06.05.2014), og til vedtak i utval for areal og samferdsel i Bømlo kommune (01.06.2016).


Før planen vert lagt ut til offentleg gjennomsyn, skal framlegget til reguleringsplan endrast etter følgjande krav:
• Rekkefølgjekrav: Byggje gang- og sykkelsti  Hallerakerkryss til innkjørsel byggjefeltet.
• Reguleringsplan skal omfatta ny framtidig sykkel- og gangsti mot Halleraker, innafor det regulerte området.


På grunn av at det no vert ny og større avgrensing av området må ein varsle om utviding av planområdet og melde oppstart på nytt.

 

Planstatus og føremål

Området er tidlegare uregulert. I arealdelen til kommuneplanen er området vist som bustadområde med krav til reguleringsplan. Føremålet med planen er å regulere til bustader (frittliggjande- og konsentrert utbygging) med tilhøyrande trafikk- og leikeareal. Dette er i samsvar med overordna plan. Planområdet utgjer i alt ca. 28 daa.


Det er vurdert konsekvensutgreiing, men i samråd med planetaten i Bømlo kommune har ein konkludert med at planen ikkje fell inn under vilkåra for slik utgreiing.

 

Naboar og grunneigarar vert varsla direkte. Eventuelle merknader eller innspel som har innverknad  på planarbeidet skal sendast skriftleg til:


Gøtz AS
Sæ 132
5417 Stord

 

eller til post@goetz.no, innan 13.01.2016.

 

Spørsmål  om eller innspel til planen kan rettast til Gøtz AS v/ Martin Gøtz, tlf. 472 63 639

 

Sist endra 05.12.2016
Fant du det du leitte etter?
Kunngjeringar

Kontakt

Telefon:
53 42 31 56
Tittel:
Sakshandsamar plan
Bunnhjørne
 
Login for redigering