Koronavirus - info 815 55 015. Kommunal infoside

Melding om oppstart - fritidsbustader Uren, 135/1 m.fl., Lykling

I medhald av plan og bygningslova §12-8, vert det med dette meldt oppstart av arbeid med detaljregulering for del av gnr. 135 bnr. 1 m.fl., Lykling. (Planid: 201718)

Oppstartsmelding - Privat detaljreguleringsplan for fritidsbustader Uren, 135/1 m.fl., Lykling, Bømlo kommune (Planid: 201718) (Götz AS) - Klikk for stort bilete Planstatus og føremål

Området er ikkje regulert tidlegare. I gjeldande kommuneplan for Bømlo 2013-2025 er området vist som spreidd bustadbygging og fritidsbustader, fritidsbustader til sjø, småbåtanlegg i sjø, LNRF- areal og bruk og vern av sjø og vassdrag med tilhøyrande strandsone. Det er krav til reguleringsplan i området og delar av området ligg med faresone H310 – faresone stein- og snøras.
 
 
Føremålet med reguleringsplanen er å legge til rette for etablering av fritidsbustader og naust med tilhøyrande tilkomstvegar, parkeringsplassar og småbåtanlegg. I tillegg vil ein regulere inn eksisterande situasjon og einingar samt regulere inn ein slakare kurvatur for Gullvegen i svingen opp mot Utastølen slik at kommunen kan utbetre denne vegen på sikt. Ein vil leggje til rette for at det kan søkjast bruksendring til fritidsbustad for dei eksisterande nausta/sjøbuene i området. Dette er i tråd med gjeldande kommuneplan. Planområdet utgjer totalt ca. 29,5 daa.
 
Planområdet omfattar heile eller delar av eigedomane: gnr. 135 bnr. 1, 2, 3, 5, 7, 9, 13, 18, 19, 29 og 30. Området er avgrensa og vist på kartet.
 
Det er vurdert konsekvensutgreiing, og avdelinga for areal og samferdsle i Bømlo kommune har konkludert med at planen ikkje fell inn under vilkåra for slik utgreiing. Viktige utgreiingar i planarbeidet er fastsetting av formålsgrenser, utnytting av strandsona, trafikktryggleik, tilpassing mot eksisterande bustadområde og vurdering av rasfare.
 
Naboar og grunneigarar vert varsla direkte.
 
Eventuelle merknader eller innspel som har innverknad på planarbeidet skal sendast skriftleg til:
 
Gøtz AS
v/Kari Hilde Rommetveit
Sæ 132
5417 STORD
 
eller til post@goetz.no innan 23.06.2019.
 
Spørsmål om eller innspel til planarbeidet kan rettast til Gøtz AS
v/Kari Hilde Rommetveit -  976 53 972.
Sist endra 15.05.2019 15:57
Fant du det du leitte etter?

Kontakt

Telefon:
53 42 31 32
Tittel:
Sakshandsamar plan
Bunnhjørne
 
Login for redigering