Næringsområde Brandasund

Privat detaljreguleringsplan for næringsområde Brandasund gnr. 155, bnr. 24 og 28 m.fl. datert 04.05.16 og med reguleringsføresegner datert 15.09.16. vart samrøystes vedteke av kommunestyret 5.12.16.

Plankart reguleringsplan for næringsområde Brandasund gnr. 155, bnr. 24 og 28 m.fl.planid 201503  (Akvator) - Klikk for stort bilete

Vedtaket er heimla i Plan‐ og bygningslova §12‐3. Reguleringsplanen er rettsleg bindande utan stadfesting frå statleg styresmakt. Akvator AS v/Nina Skjerping har på vegne av Sjøtroll Havbruk avd. Brandasund laga framlegg til reguleringsplan.

 

Følgjebrev vedtak (PDF, 135 kB)

Vedtak (PDF, 282 kB)

Føresegner (PDF, 21 kB)

Planomtale (PDF, 2 MB)

Plankart (PDF, 504 kB)

Illustrasjon (PDF, 238 kB)

 

Lokalisering og avgrensing av planområdet

Planområdet er lokalisert i Brandasund, nord på Bømlo. Planområdet, med eksisterande anlegg er lokalisert på Selsøy, som ligg like aust for Gisøya. Nærmaste tettstad er Svortland, som ligg sør for planområdet. Brandasund har ein lang historie som handels‐ og gjestgjevarstad. Sjølve handelsstaden ligg skjerma frå næringsområdet i retning nordvest. Planområdet er om lag 68 daa stort. Følgjande eigedomar inngår i planen: gnr./bnr. 155/16, 24, 28, samt deler av 155/1 og 2.

Sist endra 19.12.2016
Fant du det du leitte etter?
Kunngjeringar

Kontakt

Telefon:
53 42 31 56
Tittel:
Sakshandsamar plan
Bunnhjørne
 
Login for redigering