Naustområde i Ramsneset vedteke

Kommunestyret vedtek med heimel i Plan‐ og bygningslova § 12‐3 privat detaljreguleringsplan for naustområde Ramsneset gnr. 82, bnr. 40 m.fl. Rubbestadneset revidert 26.10.2016 med tilhøyrande reguleringsføresegner revidert 26.10.2016. Reguleringsplanen er rettsleg bindande utan stadfesting frå statleg styresmakt.

Naustområde Ramsneset gnr. 82, bnr. 40 m.fl. Rubbestadneset 201510_Illustrasjon. (Gøtz AS) - Klikk for stort bilete

Gøtz AS v/Martin Gøtz har på vegne av Randi Espeland m.fl. laga framlegg til revidert reguleringsplan.

 

Følgjebrev (PDF, 180 kB)

Føresegner (PDF, 580 kB)

Illustrasjon (PDF, 327 kB)

Plankart (PDF, 603 kB)

Planomtale (PDF, 750 kB)

Vedtak (PDF, 261 kB)


Planstatus

I gjeldande kommuneplan er området vist som naust med krav til regulering då det er plass til meir enn 4 naust i området. Området omfattar fleire frådelte nausttomter som tilhøyrer tilgrensande bustadeigedomar.
Nausttomtane innanfor planområdet er gamle tomter som vart frådelt frå eigedom 82/1 ca. på midten av 80-talet. At disse tomtane no får plankrav er på grunn av at det kom nye krav i samband med ny kommuneplan i 2013. Eksisterande kaiar, båtfeste og badeplass i området har vore i bruk i ca. 30-40 år.

 

Reguleringsplan

Området er ikkje regulert frå før. I nord grensar reguleringsplanen til reguleringsplan for naustområde Stangervåg planid 201315 vedteke i kommunestyret dato 16.02.2015. Planområdet er totalt ca. 4,3 daa.

 

Publisert av Simon Knutsson Sortland. Sist endra 15.08.2017 09:51
Fant du det du leitte etter?
Kunngjeringar

Kontakt

Telefon:
53 42 31 56
Tittel:
Sakshandsamar plan
Bunnhjørne
 
Login for redigering