Naustområde Sønstabøvåg - offentleg høyring

Utval for areal og samferdsel har i møte 16.11.2016 sak PS 144/16 vedteke å leggje ut framlegg til detaljreguleringsplan for naustområde Sønstabøvåg gnr. 104, bnr. 5 m.fl. Sønstabø i Bømlo datert 27.10.2016 med tilhøyrande reguleringsføresegner til offentleg gjennomsyn i samsvar med Plan og bygningslova §12-10.

Sønstabøvåg 104/5 - Plankart. (Gøtz AS) - Klikk for stort bilete

Forslagsstillar Toralf Meling ynskjer å leggja fram eit forslag til reguleringsplan for del av gnr. 104 bnr.5 m.fl., Sønstabøvåg, Meling. Det vart sendt prinsippsøknad for å melde oppstart av planarbeid 10.03.2016, som vart godkjend 13.04.2016.

 

Føremål

Føremål med reguleringsplanen er å leggja til rette for etablering av 3 (5)  nye naust med tilhøyrande tilkomstveg, parkeringsplassar, kai, flytebrygger og båtplassar. Etter ynskje frå kommunen tek ein også med tilgrensande eksisterande naust- og fritidseigedomar i sør, samt tilkomstvegen opp til fylkesveg Fv14. Eksisterande område for naust- og fritidseigedommar, som inngår i planen, omfattar 9 tomter som er bygd ut med til saman 2 fritidsbustadar og 5 nausteiningar. To av dei eksisterande nausttomtene er ikkje bygd ut, men det skal etablerast naust på sikt. Plangrensa er sett i samråd med kommunen. Planområdet utgjer totalt ca. 6,9 daa.

 

Følgjebrev vedtak (PDF, 120 kB)

Vedtak om offentleg høyring (PDF, 278 kB)

Føresegner (PDF, 539 kB)

Kartoversikt (PDF, 423 kB)

Kart kommuneplan (PDF, 92 kB)

Plankart (PDF, 2 MB)

Planomtale (PDF, 3 MB)

 

Merknadsfrist er satt til 18. januar 2017

 

Me gjer merksam på at det er mulig å koma med merknadar til høyringsdokumentet digitalt her:


Offentlege høyringar - svarskjema.

 


Du kan og kome med merknadar ved å senda dei til:

Bømlo kommune
Rådhuset,
Leirdalen 1
5430 Bremnes


eller


postmottak@bomlo.kommune.no innan 18.1.17.

Sist endra 28.11.2016
Fant du det du leitte etter?
Kunngjeringar

Kontakt

Telefon:
53 42 30 63
Mobil:
915 56 750
Tittel:
organisasjonssjef
Bunnhjørne
 
Login for redigering