Kondolanseprotokoll Geir E. Aga 15.10.2019

I dag fredag 18. oktober vert Rådhuset stengt kl. 14.00 grunna intern minnestund for avlidne rådmann Geir Ebbesvik Aga.

Henriette Vasstrand tekstvinnarar Gi tid

- Det handlar om korleis du handterer det som skjer rundt deg. Har du det tungt, våg å opne opp og ta i mot hjelp. Våg å opne opp og få andre med på laget ditt. Lær å elsk deg sjølv, oppmoda Henriette Vasstrand eit lydhøyrt ungt publikum i Bømlo kulturhus under Verdsdagen for psykisk helse onsdag 16. oktober.

kristenretten_i slik ei natt

I 2024 er det 1000 år sidan Kristenretten vart innførd i Noreg. Bømlo kommune, saman med Hordaland fylkeskommune og andre aktørar, planlegg eit riksjubileum det året med sentral markering på Moster. Ein søkjer no etter dagleg leiar/prosjektleiar til å leie og koordinere arbeidet fram mot 2024.

Kondolanseprotokoll Geir E. Aga 15.10.2019

Kondolanseprotokoll for avlidne rådmann Geir Ebbesvik Aga (61) er lagt ut i Kundetorget på Rådhuset. Publikum er velkomen innom for å gje ei siste helsing. Protokollen vert liggjande fram til gravferda.

 

Konstituering ny rådmann AGL

Assisterande rådmann Aud Gunn Løklingholm vart samrøystes konstituert som ny rådmann inntil vidare i eit ekstraordinært formannskapsmøte i dag. 

Geir E. Aga - rådmann

- Det er med stor sorg å melde at rådmann Geir E. Aga døde i natt kl. 00.15 på Haukeland sjukehus. Dette er eit stort tap for familien og Bømlo kommune. Flagget vert heist på halv stang i dag. Våre tankar går no til Geir sine nærmaste, seier ordførar Odd Harald Hovland. 

Ill.bilete rekneskap budsjett

Tysdag 29. oktober 2019 klokka 13.30 presenterer  konstituert rådmann Aud Gunn Løklingholm sitt framlegg til budsjett for 2020-2023 i kommunestyresalen. Møtet er ope for publikum.

Planlegging

Bømlo kommune skal tilsetje ny plan- og byggesakssjef som skal ha det overordna administrative, faglege og økonomiske ansvaret for plan- og byggesaksavdelinga.  

Norges lover-klubbe-kommunevimpel

Kommunelova av 2018 tek i hovudsak til å gjelda frå og med konstituerande møte i nytt kommunestyre 21. oktober. Det er nokre sentrale reglar som gjeld val til folkevalde organ som er endra i den nye lova. 

Fant du det du leitte etter?
Kunngjeringar
 
Login for redigering