Alkovett i barneidretten

Det skal vere trygt og godt for barn og unge å drive med idrett i Bømlo kommune. Derfor bør idrettslaga ta ein prat om alkohol.  

Illustrasjonsfoto. (Av og til) (av og til) - Klikk for stort bilete

Bømlo kommune samarbeider med alkovettorganisasjonen Av-og-til for å førebyggje skadeverknadene av alkohol, særleg på arenaer for barn og unge.
 
– Barneidretten er utruleg viktig for mange barn. Her opplever dei meistring, tryggleik og glede. For barn som veks opp i ein heim der mamma eller pappa drikk for mykje, kan idretten gjere den store forskjellen, seier Stian Sithole Olderkjær, Av-og-til-koordinator i Bømlo kommune. 
 

Treng trygge vaksne

Dei fleste er einige om at barneidrett og alkohol ikkje høyrer saman. 
 
– Alkohol øydelegg dei trygge rammene i idretten. Sjølv om haldningane er gode og dei aller fleste av oss tek avstand frå alkohol i barneidretten, er det dessverre overraskande mange klubbar som opplever utfordringar med alkohol, seier Randi Hagen Eriksrud, generalsekretær i Av-og-til. 
 
Dersom klubben har klare retningslinjer for alkohol, er det lettare både for leiarane, trenarane og foreldra å ta sin del av ansvaret. 
 

Ver ein god støttespelar

I kvar einaste klubb kjem det barn på trening med den vonde hemmelegheita at mamma eller pappa drikk for mykje alkohol. 
 
– For ein støttespelar i barneidretten handlar det om å sjå kvart enkelt barn og situasjonen til det enkelte barnet. Ver interessert og spør korleis det går. Vis at du bryr deg, oppfordrar Olderkjær i Bømlo kommune. 
 
Vil du vite meir om korleis du kan vere ein god støttespelar i idretten? 
 
 

Bømlo kommune er ein Av-og-til-kommune

Bømlo er ein Av-og-til-kommune og jobbar saman med Av-og-til for å redusere dei negative følgjene av alkoholbruk. Vi samarbeider om fleire kampanjar, mellom anna fokusveka, som er eit felles krafttak for å setje alkohol og idrett på agendaen. 
 
Sist endra 16.09.2019 13:41
Fant du det du leitte etter?
Kunngjeringar

Kontakt

Mobil:
909 51 516
Tittel:
slt-koordinator
Bunnhjørne
 
Login for redigering