Beredskapsøving om radioaktivt avfall

Kommunal kriseleiing vart etablert i føremiddag i samband med ei øving for å testa kommunal i beredskap i samband med eit potensielt utslepp av radioaktivt avfall. Fylkesmannen i Vestland (FMV) og beredskapssjef Frode Sagvaag i Bømlo kommune stod for øvingsscenarioet.

Kommunal kriseleiing samla til skrivebordsøving. (Bømlo kommune) - Klikk for stort bilete

Rådmann Geir E. Aga kalla inn KKL (kommunal kriseleiing) og våre heimesider satt i beredskapsmodus. Scenarioet til FMV var at det russiske kjernekraftverket, Belojarsk, under slep frå St.Petersburg til Murmansk fekk problem omtrent to nautiske mil sørvest for Fedje. Det blåste storm og vindretninga var nordvest som gjorde alle kommunane i fylket utsett for eit eventuelt utslepp av radioaktivt avfall. Kommunane måtte førebu seg på det verste. 

 

Under øvinga vart mellom anna planverk, bruk av naudnett, kva ressursar som måtte kallast inn og informasjonsflyt ut til publikum og internt i kommuneorganisasjonen testa ut. "Media" var kjapt ute og ville vite alt som skjedde og kva kommunen gjorde i denne situasjonen. Rådmannen og staben fekk opp pulsen og det vart ei realistisk øving.

 

- Det er trygt å vite at fylkesmannen har slikt fokus, og det er alltid godt å få testa den kommunale beredskapen, seier rådmann Geir E. Aga.

 

Beredskap i Bømlo kommune

Sist endra 15.05.2019 14:34
Fant du det du leitte etter?
Kunngjeringar
 
Login for redigering