Eigedomsskatt i Bømlo kommune

Kommunestyret i Bømlo vedtok i 2008 å innføra eigedomsskatt i heile kommunen. For skatteåret 2020 har kommunestyret vedteke å leggja til grunn Skatteetaten sitt formuesgrunnlag (bustadverdi) for alle bustadeigedomar som har slikt grunnlag. Skattetaksten er etter eigedomsskattelova sett til 70% av formuesgrunnlaget. Alle andre eigedomar vert taksert etter kommunen sine vedtekne rammer og retningsliner.

Nils Kåre Nysæter blar i eigedomsskattelister for 2019. (Bømlo kommune) - Klikk for stort bilete

For skatteåret 2020 har kommunestyret vedteke å kontorjustera alle kommunale skattetakstar med 20%. Dette gjeld berre eigedomar som vert taksert av kommunen. Det er òg vedteke differensiert skattesats på 3,5 promille for bustad og fritid, medan satsen er 3,7 promille for alle andre skatteobjekt. Det er ikkje innført botnfrådrag for bustader og hytter. Alle tidlegare verk og bruk er taksert som næringseigedom.
 
 

Klageadgang

For eventuelle klager på takstar vedtekne av Bømlo kommune, kontakt:

Bømlo kommune
Eigedomsskattekontoret,
5430 Bremnes

 

Spørsmål om og klage på eigedomsskatten:

 

Tlf 53 42 30 64

 

eigedomsskatt@bomlo.kommune.no

 

NB: Ved spørsmål om takst og takstgrunnlag må du oppgje Gnr./bnr./fnr./snr. når du vender deg til kommunen. 

 

Informasjon om Utrekning av eigedomsskatt finn du her

 

Døme på Eigedomsskattesetel 2020 i høve vedteken skatt av kommunen - SKnemnd (PDF, 239 kB)

 

Klage på Skatteetaten sitt formuesgrunnlag (bustadverdi)

 

Klage til Skatteetaten

 

Endring av skattegrunnlag

 

Døme på Eigedomsskattesetel 2020 i høve formuesgrunnlag frå Skatteetaten - FG (PDF, 238 kB)

 

Sakkunnig nemnd og klagenemnd eigedomsskatt 

 
Medlemer i sakkunning nemnd eigedomsskatt:
Leiar: Audun Halleraker (H)
Medlem: Tove Lise Aasheim (Ap) 
Medlem: Tone Stavland (V) 
Varamedlemer: Aslaug S. Huse (H), Jalle Bråthen (Ap), Bente Hovland Bergtun (KrF)
 
Medlemer i klagenemnd eigedomsskatt:
Leiar: Karsten Fylkesnes (KrF)
Medlem: Connie Søvold (Høgre)
Medlem: Kjell Egil Hollund (Ap) 
Varamedlemer: Birgit S. Esperø (KrF), Øyvind Schumann Larsen (H), Linda Synnøve Larsen (Ap)
 
Klagenemnda si oppgåve er å avgjera eventuelle klagar på skattetaksten som den sakkunnige takstnemnda har sett på eit objekt. Klaga vert avgjort etter først å ha gjenomført synfaring.
Sist endra 19.10.2020
Fant du det du leitte etter?

Kontakt

Telefon:
53 42 30 64
E-post:
Tittel:
rådgjevar
Bunnhjørne
 
Login for redigering