Forbod mot heliumballongar

Heliumballongar (Pixabay) - Klikk for stort bilete

Det er ikkje lenge til 17. mai og fleire skular skal vere arena for 17. mai-feiring. Bømlo kommunestyret har vedteke å forby sal av heliumballongar på kommunal grunn. Me minnar difor våre FAU / lokale 17.mai-komitear om dette vedtaket, og oppmodar også andre lag, foreiningar og næringsdrivande om det same.

Kommunestyrevedtaket frå 19.06.17 lyder slik: "Bømlo kommune forbyr sal av heliumballongar frå kommunal eigedom, dette gjeld også kommunale gate- og veggrunn. Bømlo kommune oppmodar andre lag, foreiningar og næringsdrivande om å unngå sal, bruk av- og at det gis bort slike ballongar i Bømlo kommune av miljømessige årsakar."


Blant grunngjevinga heiter det at kommunen ynskjer eit forbod først og fremst for å hindra forureining og forsøpling som føl av ballongar som forsvinn ut i naturen. Me brukar som samfunn store ressursar på å halde skjergarden og strendene våre reine og då kan eit slik forbod hjelpa oss på veg.


I tillegg til at ballongane forureinar er det aukande fokus på knapphet av helium i verda. Helium er i dag blant anna brukt til å drifte MR-maskinar som vert brukt til å stille medisinske diagnosar.

 

Sist endra 08.05.2019 12:36
Fant du det du leitte etter?
Kunngjeringar
 
Login for redigering