Klubben ny BUS-rektor

Christin Klubben er tilsett som ny rektor ved Bremnes ungdomsskule frå 1. mai i år då noverande rektor Hans Arnevik går av med pensjon.

Christin Klubben. Portrettfoto.  (Bømlo kommune) - Klikk for stort bilete

Rektor ved Meling skule dei siste fem åra, Christin Klubben (51), lot ikkje sjansen gå frå seg då rektorstillinga ved Bremnes ungdomsskule (BUS) vart lyst ut. 

 

- Av og til dukkar det opp sjansar i livet som du berre må ta eller la passera. Denne ville eg ikkje la passera, og jammen fekk eg jobben, seier Christin. Bremnes ungdomsskule er ein annan type og større skule, i eit fantastisk flott nybygg. Ei stor utfordring eg gler meg til å ta fatt på.

 

Klubben som har tre år bak seg som hovudtillitsvald for Utdanningsforbundet på Bømlo og eit langt yrkesliv som lærar ved Svortland skule veit litt av kva ho går til. Ho fortel at elevane på BUS trivst, det er mange dyktige folk som ho kjenner fleire av i frå før som blir dei nye kollegaene hennar, og ho kjenner skulen også frå foreldrerolla. Ein veldriven skule med orden på sakene, er hennar attest.

 

- Eg kunne utmerka godt trivst her på Meling i fem nye år, for her er flinke folk og ei bygd i vekst. Det er alltid bra med litt fornying, og eg trur rektorjobben her på Meling skule bør vere ein attraktiv jobb å søkje seg til, seier avtroppande rektor Christin Klubben. 

Sist endra 08.02.2019 10:07
Fant du det du leitte etter?
Kunngjeringar
 
Login for redigering