Lanserte ny helseteneste

- De har laga noko heilt spesielt, eit tryggleiksnett for born og unge, sa helse- og omsorgsminister Bent Høie under lanseringa av Helse Fonna si nye helseteneste for born og unge måndag 18. juni.

Barn og unges helseteneste knapp (Helse Fonna) - Klikk for stort bilete

Verksemdsleiar Linda Hellen i Barne- og familietenesta i Bømlo kommune og leiar for Fagnettverk Barn og unge i Helse Fonna var blant føredragshaldarane på Høgskulen på Vestlandet i Haugesund.

 

Nær 300 deltakarar frå kommunar, sjukehus, pårørande og brukarar deltok i lanseringa. Samhandlingsprosjektet «Barn og unges helsetjeneste» vart gjennomført i 2016/2017. Hovudmålet med prosjektet var å utarbeida pasientforløp på tvers av kommune- og spesialisthelseteneste for å sikra betre og meir samanhengande tenester for born og unge i vår region.

 

- Samarbeid på tvers

- FOUSAM, Helse Fonna si samhandlingseining, har som oppdrag å peike på flaskehalser i samhandling mellom spesialisthelsetenesta og kommunane når det gjeld barn og unge sine tenester. Her har me fått vore tett på og påverka "Barn og unge sine helsetjenester" gjennom heile prosjektet. Det har vore ei spanande reise fram til dagens resultat - og me gler oss til det vidare arbeidet, seier FOUSAM-leiar Linda Hellen.

 

Ho understreka at ei helsesøster, ein pedagog i barnehagen og ein fastlege får no eit verktøy der faglegheit er knytt til kva symptom ein skal sjå etter. Kva ein skal gjere med det er spesifisert. Til og med ei forventning om kven som gjer kva.

 

- Det er det unike i dette. Det er viktig for fagfolk i dei ulike tenestene, men ikkje minst for dei  barna og føresette som skal motta hjelpa. Når eg no kan presentere dette, er det ein systematikk inkludert faglighet og arbeidsfordeling, som gjer både meg og mottakarane begeistra. Det har kome meir kjøtt på beinet, om eg får bruke ein så slitt metafor.

 

Hellen har jobba med systematikk i samhandling sidan ho starta som prosjektleiar for Modellkommuneforsøket i Bømlo i 2008. 

 

Les meir om konferansen på Helse Fonna

 

Helse Fonna si Facebookside

 

 

 
Lanseringspresentasjon barn og og unge si helseteneste. Foto. (Bømlo kommune) - Klikk for stort bilete Helse- og omsorgsminister Bent Høie (H) lanserer barn og unge si helseteneste. Foto. (Bømlo kommune) - Klikk for stort bilete
Sist endra 19.06.2018 09:40
Fant du det du leitte etter?