Mammografi for kvinner i Bømlo

Alle kvinner i Bømlo kommune født 1949-1968 vert invitert til mammografiundersøking fram til 28.november. I alt 1310 kvinner vil få invitasjon til å undersøke brysta i mammografibussen ved Stord kulturhus på Leirvik. Alle som har digital postkasse, vil få invitasjonen sin digitalt.

Mammografibussen og radiografar ved Stord kulturhus på Leirvik. Foto. (Kreftregisteret) - Klikk for stort bilete

Dersom det er behov for tilleggsundersøkingar, vil kvinnene bli innkalt til Brystdiagnostisk senter på Haukeland universitetssykehus. 
 

Brystkreft

Brystkreft er den hyppigaste kreftforma blant kvinner i Norge, og utgjer i dag om lag 22 prosent av alle krefttilfelle hos kvinner. I år 2017 fekk 3589 kvinner diagnosen. Mammografiprogrammet oppdagar om lag 1300 nye brystkrefttilfelle per år, dei fleste i eit tidleg stadium.
 

Mammografiprogrammet

Mammografiprogrammet er det offentlege tilbodet til kvinner i alderen 50-69 år om mammografi anna kvart år. Tilbodet gis i tråd med internasjonale tilrådingar. Regelmessig mammografi er i dag den viktigaste metoden for å oppdaga svulstar i eit tidleg stadium. Tidleg oppdaging gir ofte betre overleving, og aukar sjansane for meir skånsom behandling.
 
I Mammografiprogrammet kvalitetssikrast tilbodet ved at alle bilete vert tyda av to røntgenleger. Dersom brystkreft oppdagast, er rutinemessig oppfølging sikra ved det brystdiagnostiske senteret.
 
Målsettinga for programmet er å redusera dødeligheita av brystkreft blant kvinnene som vert invitert. Oppmøtet i Mammografiprogrammet er om lag 75 prosent på landsbasis. I forrige runde møtte 83% av kvinnene frå Bømlo kommune.
 
 
For meir informasjon: 
Leiar Mammografiprogrammet, Solveig Hofvind
tlf.: 22 45 13 00, mammografi@kreftregisteret.no
 

www.kreftregisteret.no

Sist endra 26.09.2019 13:35
Fant du det du leitte etter?
Kunngjeringar

Kontakt

Telefon:
53 42 33 32
Mobil:
902 12 337
Tittel:
helsesjukepleiar
Bunnhjørne
Telefon:
53 42 33 02
Mobil:
901 44 740
Tittel:
kommuneoverlege
Bunnhjørne
 
Login for redigering