Ny brosjyre for Bømlo

Bømlobrosjyren 2019 framsida. Foto. - Klikk for stort bilete

Bømlo kommune har no gitt ut ein ny brosjyre både på trykk og digitalt.

 

Målet med brosjyren er å fortelje om alt det flotte kommunen vår har å by på av kultur, natur- og friluftsliv, næringsliv, oppvekstvilkår, bu- og arbeidsplassar med meire.

 

Målgruppa er potensielle arbeidstakarar og tilflyttarar, men og bømlingar. Vona er at dei vil føle seg stolt av alt kommunen har å by på, og dele det med andre.

 

Brosjyren er tilpassa alle digitale flater og kan soleis vere ein del av rekrutterings- og marknadsføringstiltaka til annonsørane i brosjyra og for kommunen som organisasjon.

 

Brosjyren kjem også i eit opplag på 1500 og skal nyttast ved ulike marknadsføringstiltak som t.d utdannings- og jobbmesser. 

Publisert av Simon Knutsson Sortland. Sist endra 12.06.2019
Fant du det du leitte etter?
Kunngjeringar

Kontakt

kontaktperson
Telefon:
53 42 30 62
Mobil:
416 33 702
Tittel:
webredaktør
Bunnhjørne
 
Login for redigering