28-åringen frå Stord har i tillegg til svennebrev i feiarfaget ei allsidig yrkesbakgrunn med røynsle frå rørarbeid hjå Kværner og hjå byggevareforretningar og rørleggjargrossist. Læretida som feiar gjorde han unna i Stord brannvesen. Her er han også reserverøykdykkar.
- Frå tida i Stord brannvesen vart eg kjend med ein del av dei som i dag er mine nye kollegaer her på Bømlo, og eg skal vere med på brannøvingar om eg førebels ikkje er ein del av brannstyrken. Som innleigd på Kværner med usikker jobbframtid passa det godt å få fast jobb i Bømlo brann og redning, fortel Andreas Salomonsen.
Saman med feiar Bjørn Kjetil Ljosdal utgjer han feiarduoen på Bømlo der oppgåvene i tillegg til feiing er branntilsyn og førebyggjande brannvernarbeid. På fritida likar Andreas å spela fotball og golf. Dagpendlaren ser ikkje bort frå å busetja seg her og bli del av brannstyrken.
Me ynskjer Andreas velkomen til oss og lukke til!