Ny rådmann konstituert

Formannskapsmedlemer står for eitt minutt stille til minne om rådmann Geir E. Aga. (Bømlo kommune) - Klikk for stort bilete

Assisterande rådmann Aud Gunn Løklingholm vart samrøystes konstituert som ny rådmann inntil vidare i eit ekstraordinært formannskapsmøte i dag. 

Formannskapet konstituerer ny rådmann. (Bømlo kommune) - Klikk for stort bilete

Ordførar Odd Harald Hovland innleia det ekstraordinære formannskapsmøtet med eit minutt stille for avlidne rådmann Geir E. Aga. Han orienterte deretter kort om om hendingsforløpet frå torsdag ettermiddag då rådmannen vart råka av hjartestans då dei skulle ha seg ein matbit etter eit møte i Bergen.

 

Ein kollega var med han og ytte førstehjelp, det var hjartestartar på staden og ambulanse kom raskt til. Rådmann Aga vart frakta til Haukeland sjukehus, men situasjonen var kritisk og uavklart heilt fram til han døydde kl. 00.15 natt til tysdag.

 

- Eg har vore i kontakt med Geir sine nærmaste heile tida. Dette er eit stort tap for familien, men og for Bømlo kommune. Han var ein stor ressurs. Bømlo kommune er likevel rigga for ikkje planlagde hendingar, og beredskap og drifta vil gå som normalt, seier ordførar Odd Harald Hovland.

 

Kondolanseprotokoll 

Ordføraren orienterte vidare om at det vil bli lagt ut kondolanseprotokoll i Kundetorget i løpet av formiddagen der tilsette og publikum kan skrive ei helsing.

 

Løklingholm konstituert

I saksframlegget til formannskapet vert det påpeika at det ligg til stillinga som assisterande rådmann å fungere for rådmannen i hans fråvær. Aud Gunn Løklingholm er assisterande rådmann. Ho har hatt stillinga lenge og har dei kvalifikasjonar som er naudsynt. I innstillinga frå ordføraren heiter det at Aud Gunn Løklingholm vert inntil vidare konstituert som rådmann i Bømlo. Formannskapet vedtok innstillinga samrøystes.
Sist endra 16.10.2019 13:27
Fant du det du leitte etter?
Kunngjeringar
 
Login for redigering