Nye reglar for solariumutleige

Solarium -.jpg (ill.foto. Statens strålevern) - Klikk for stort bilete (©Cyril Comtat/Fotolia)

Alle som tilbyr bruk av solarier skal frå 1.1.2017 ha eit tilfredsstillande system for alderskontroll og skal vere registrerte hjå Statens strålevern. Frå 1. januar i år vart det også krevd at ansvarleg for dagleg drift av solariet samt tilsette med kundekontakt skal ha bestått kunnskapsprøva "Solarieprøven".

Statens strålevern har i sitt infobrev nr. 3 i 2016 (PDF, 670 kB) satt søkjelyset på nye krav i strålevernforskrifta §36 som gjeld for solstudioer, treningsentre, frisørar, hudsalongar, arbeidsplassar og liknande som tilbyr bruk av solarier. Aldergrensa på 18 år vart innført i 2012. Frå 1.1.2015 kom kravet om at kundane skal informerast om relevante risikofaktorar ved solariebruk.

 

Krav om registrering

Alle som tilbyr solarium til kosmetisk formål, skal melda verksemda si til Strålevernet, jf. strålevernforskriften §12. Dette gjer du i Strålevernets elektroniske meldesystem for strålekilder (EMS), og dette meldesystemet er nå oppgradert og lansert i ny utgave. Det nye systemet fins på https://ems.nrpa.no, og innlogging gjer ein ved bruk av ID-porten. 

 

Dei som hadde ein konto i den gamle utgåva av EMS, kan etter innlogging knytte denne til sin brukar. Alle registrerte verksemder, brukarar og meldingar, unnateke meldingar med meldestatus «Under arbeid», har blitt overført til det nye systemet. 

 

- Me vil senda ei oppmoding til alle registrerte solarieverksemder om å logga seg inn i det nye systemet og kontrollera at informasjonen om verksemda stemmer, og eventuelt gjere dei naudsynte oppdateringar. Dersom ei solarieverksemd vert seld, nedlagt eller endrer namn, skal eigar også melda dette til Strålevernet ved bruk av EMS, seier forskar Kirsti Bredholt i Statens strålevern.

 


Tilsynskampanje i 2017

Strålevernet planlegg å arrangere ein tilsynskampanje à la «tilsynsdagen» i 2012. Tema for kampanjen vil først og fremst vere kontroll av om solarieverksemdene i kommunane føl dei nye reglane.

Publisert av Simon Knutsson Sortland. Sist endra 27.07.2016
Fant du det du leitte etter?
Kunngjeringar

Kontakt

Telefon:
53 42 33 02
Mobil:
901 44 740
Tittel:
kommuneoverlege
Bunnhjørne
Kommunale tenester (1)
 
Login for redigering