Offisiell opningshelg

Opningshelg Bømlo symjehall - Klikk for stort bilete

Bømlo symjehall har vore i drift i vel ein månad, og i helga 5.-7- oktober er det storstilt opningsshow. Fredag klyppar ordførar Odd Harald Hovland snora, og så går det slag i slag med både hinderløype, disko, stupe-/dødseshow. Sundag er det workshop i både stup/dødsing og crawl.  

Mann stuper frå 3 meteren i Bømlo symjehall. Foto. (Bømlo kommune) - Klikk for stort bilete

Bømlo kommune er stolte over å kunne offisielt opna Sunnhordland sitt nyaste og mest moderne symjeanlegg. Med over 4000 besøkjande badegjester i Bømlo symjehall er det tydeleg at dette har vore eit etterlengta tilbod. Bømlo Symjeklubb, som er ein viktig samarbeidspartnar, vil og ha stand i symjehallen denne helga.

 

Promovideo for Bømlo symjehall

 

Bømlo symjehall er eit topp moderne symjeanlegg på 2.000 rutemeter. Anlegget har eit standard konkurranse-basseng på 25 meters lengde med seks banar, og stupetårn på tre og fem meter. I tillegg er det bygd eit opplæringsbasseng i 15 meters lengde. Hovudentreprenør er Engelsen bygg AS og arkitekt er Vikanes Bungum.

 

Presentasjon Bømlo symjehall og Bremnes ungdomsskule (PDF, 15 MB)

Publisert av Simon Knutsson Sortland. Sist endra 04.10.2018
Fant du det du leitte etter?
Kunngjeringar

Kontakt

kontaktperson
Telefon:
53 42 34 77
Mobil:
952 48 744
Tittel:
leiar bømlo symjehall
Bunnhjørne
 
Login for redigering