Sammy Olsen ny ordførar

ordførar Sammy Olsen m. kjede profil (Bømlo kommune) - Klikk for stort bilete

Sammy Olsen (66) er den første ordføraren frå Senterpartiet i den moderne Bømlo kommune etter at han vart vald med 14 mot 13 røyster i det konstituerande kommunestyremøtet 21. oktober for perioden 2019-2023. Han får med seg Ragnfrid Sønstabø (H) som varaordførar i fleirtalskoalisjonen H, Sp, Frp, V og PDK.

Nytt kommunestyre i Bømlo for 2019-2023  konstituert 21.10.2019 (Bømlo kommune) - Klikk for stort bilete

Det vart på mange måtar eit spesielt kommunestyremøte måndag kveld. Avtroppande ordførar dei to siste periodane, Odd Harald Hovland (Ap), heldt minnetale over avlidne rådmann Geir Ebbesvik Aga og eitt minutt stille før konstitueringa av nytt kommunestyre for perioden 2019-2023 tok til. Etter kommunestyrevalet 2019 vart samrøystes godkjend var det val av formannskap og ordførar.

 

Video frå ordførarskifte

 

Fullstendig liste - Avtaleval 2019-2023 (PDF, 186 kB)

 

Formannskapet:

Sammy Olsen (Sp)
Ragnfrid Sønstabø (H)
Inge Reidar Kallevåg (H)
Anne Torill Johannesen (Frp) 
Anne Beth Njærheim (V)
Torunn Laurhammer (Ap) 
Endre Barane (Ap)
Morten Helland (Krf) 
Birgit S. Esperø (KrF)

 

På vegne av Høgre (H), Senterpartiet (Sp), Framstegspartiet (Frp), Venstre (V) og Partiet dei kristne (PDK) vart Sammy Olsen fremja av Inge Reidar Kallevåg. På vegne av Arbeidarpartiet (Ap), Kristeleg Folkeparti (KrF), Sosialistisk venstreparti (SV), Miljøpartiet dei grøne (MDG) og Uavhengig (Ove Halleraker) vart Morten Helland fremja. Med 14 mot 13 røyster vart Sammy Olsen vald til ny ordførar for Bømlo denne valperioden.

 

Historisk

Etter valet av ordførar var unnagjort overrekte Hovland ordførarkjedet til Olsen. Avtroppande ordførar fekk takk og stor ros for innsatsen sin gjennom åtte år av påtroppande ordførar. Det vart påpeika av Kallevåg at Sammy Olsen er den første Senterparti-ordføraren i Bømlo kommune sidan samanslåinga av kommunane Moster, Bremnes og Bømlo i 1963. Olsen spøkte sjølv i pausen med at han også er den første frå Svortland.

 

Olsen leia resten av konstitueringa der val av varaordførar, hovudutval og representantar til ulike samarbeidsorgan vart gjort. Ragnfrid Sønstabø (H) vart ny varaordførar med 14 røyster mot 13 for Torunn Laurhammer (Ap) med same røystefordeling som ordførarvalet.

 

Ny utvalsstruktur

Fleirtalskoalisjonen fremja ei endring av utvalsstrukturen der ein går frå tre til fire hovudutval for sektorane, som trass litt kritikk for lite tid for opposisjonen å ta stilling til vart samrøystes vedteke. Utvala får sju faste medlemer.

 

Utval for næring, innovasjon, idrett og kultur:

Bjørn Asle Teige (Sp), leiar
Signe Lund Jansen (H), nestleiar
Sonja Hellen Sele (H)
Frode Urangsæter (FrP)
Jalle Bråthen (Ap)
Tilla E. Instefjord (Ap)
Sigrid Å. Tolås (KrF/MDG)
 

Utval for levekår:

Ole Johan Jensen (Frp), leiar
Jørgen Søvold (H), nestleiar
Lena Olsen (H)
Heidi Grindheim Nimoson (PDK)
Atle Nordtun (Ap) 
Marita Ådnanes (KrF) 
Unni Seim (SV)
 

Utval for natur, klima og miljø:

Frank Schmidt (V), leiar
Trygve Søvold (Frp), nestleiar
Miriam Sortland (Sp)
Hasmik Vardanyan (H)
Sverre H. Sørensen (Ap)
Lars Gunnar Ersland (KrF)
Brita Servan (MDG)
 

Utval for areal og samferdsle:

Aslaug Skimmeland Huse (H), leiar
Asbjørn A. Sætre (PDK), nestleiar
Åsmund Håvik (H)
Tone Stavland (V)
Siv Linda Vespestad (Ap)
Karsten Fylkesnes (KrF/MdG)
Ove Halleraker (Uavh.)
 

Valnemnda:

Ragnfrid Sønstabø (H), leiar
Bjørn Asle Teige (Sp), nestleiar
Anne Torill Johannesen (Frp)
Torunn Laurhammer (Ap)
Morten Helland (KrF)
 

Kontrollutvalet:

Lene Borgen Waage (Ap), leiar
Vegard Enerstvedt (H), nestleiar
Silje Sivertsen (V)
Anfinn G. Tolås (KrF)
Arne Zahl Røksund (SV)
 

KS:

Sammy Olsen (Sp)
Ragnfrid Sønstabø (H)
Morten Helland (KrF)
 

Samarbeidsrådet for Sunnhordland (representantskapet):

Inge Reidar Kallevåg (H)
Anne Torill Johannesen (Frp)
Torunn Laurhammer (Ap)
 

Karmsund Havneråd

Inge Reidar Kallevåg (H)
 
I tillegg er det Eldreråd, Ungdomsråd og Råd for personar med nedsett funksjonsevne.
Sist endra 25.10.2019 09:27
Fant du det du leitte etter?
Kunngjeringar
 
Login for redigering