Søk digitalt om økonomisk sosialstønad

Innbyggjarane i Bømlo kommune kan no velje å søkje sosialstønad digitalt i staden for på papirskjema.

Illustrasjon digital søknad NAV. (nav) - Klikk for stort bilete

NAV har digitalisert fleire tenester, og frå no er det også mogleg å søkje om sosialhjelp digitalt på nav.no for innbyggjarane i dei kommunane som har tatt i bruk den nye løysinga.


- Innbyggjarane forventar at også sosialtenesta er tilgjengeleg i digitale kanalar, i tråd med digitaliseringa i NAV og i samfunnet generelt, seier avdelingsleiar Elisabeth Haugen i NAV Bømlo. For å søkje sosialhjelp digitalt må du logga deg inn på «Ditt NAV» på nav.no med BankID eller andre sikringsløysingar.

 
Treng du hjelp til utfyllinga, kan du ringe NAV Kontaktsenter på 55 55 33 33 og få rettleiing over telefon. Du kan også få hjelp på NAV-kontoret i opningstida. Søkjarar som av ulike årsaker ikkje kan eller vil nytta seg av den digitale kanalen, kan framleis møte opp på NAV-kontoret eller bruke papirsøknad. 
 
- Erfaringane frå dei kommunane som har tatt løysinga i bruk er gode og at mange brukarar føretrekkjer å søkje digitalt. Tal digitale søknader i disse kommunane varierer mellom 30 og 50 prosent.
 
 
 
Sist endra 02.05.2019 10:59
Fant du det du leitte etter?
Kunngjeringar

Kontakt

Telefon:
55 55 33 33
Tittel:
avdelingsleiar
Bunnhjørne
 
Login for redigering