- Viktig å markera 8. mai

Appell frå ordførar, dikt- og høgtlesing frå elevar og kransenedlegging for å heidra våre falne og veteranar vart tradisjonen tru gjennomført ved Blia-monumentet og ved Minnesteinen ved Bremnes kyrkje på frigjerings- og veterandagen 8. mai.

2029-elevar og OHH apell Blia_sks.jpg - Klikk for stort bilete

Ordførar Odd Harald Hovland trekte særleg fram innsatsen til våre veteranar frå både 2. verdskrig og internasjonale operasjonar, og ikkje minst kor viktig det ikkje er å gløyma historia for å unngå at den skal gjenta seg. I år deltok han ved seremonien ved Blia-monumentet og Minnesteinen ved Bremnes kyrkje som i år var i regi av elevar frå Bremnes ungdomsskule og Meling skule.

 

Svortland musikkorps spela i finveret. Tradisjonen tru vart veteranar og falne heidra og minnast ved kommunen sine andre krigsminnesmerker ved Moster kyrkje, Lykling kyrkje, Bømlo kyrkje og på Espevær.

 

Elevar frå Bremnes ungdomsskule leste diktet «Du må ikke sove» av Arnulf Øverland, historia om Blia-forliset og eit utdrag av Kristine Sortland si bok om ektemannen og krigsfangen Alfred Sortland i "Til deg skal det ikkje nå". Ved Minnestøtta var det opplesinga av alle namna på dei som falt i krigen, eit minutt stille og avslutning med "Ja, vi elsker".

 
2019-utdrag Kristine Sortland si bok av BUS-elev v Blia_sks.jpg - Klikk for stort bilete 2019-elevar og flaggborg Blia_sks.jpg - Klikk for stort bilete 2019-elevar Meling skule Minnestøtta_sks.jpg - Klikk for stort bilete
Sist endra 09.05.2019 15:34
Fant du det du leitte etter?
Kunngjeringar
 
Login for redigering