Koronavirus - info 815 55 015. Kommunal infoside

Offentleg gjennomsyn reguleringsplan for bustadområde Storevarden på Svortland

Utval for areal og samferdsel har i møte 29.04.2020 sak 40/20 gjort vedtak om at framlegg til detalj-reguleringsplan for bustadområde Storevarden gnr. 109, bnr. 19 mfl. Svortland i Bømlo datert 27.03.2020 med tilhøyrande reguleringsføresegner i medhald av plan‐ og bygningslova §12‐10 vert utlagt til offentleg gjennomsyn. 

Planforslag reguleringsplan Storevarden 109/9 Svortland til offentleg høyring. (Götz AS) - Klikk for stort bilete

Føremål

Føremålet med planen er å leggja til rette for etablering av 6 stk. nye frittliggjande bustader, 3 stk. bustader i rekkje og 3 stk. fleirmannsbustadar med 15 stk. bueiningar. Desse vil alle få tilhøyrande tilkomstvegar, parkeringsplassar og felles leikeområde. Planen omfattar i tillegg ein bustad på gnr. 109, bnr. 49 som skal liggja som i dag, samt eksisterande bygningar på 109/19 og 109/150 som skal rivast. Etter ynskje frå kommunen, vil ein også regulere inn tilstrekkeleg plass til fortau frå bustadfeltet og fram til kryss (Bømlo helsehus). 
 
 
 

Merknadsfrist 24. juni 2020

Planframlegget er utlagt til offentleg gjennomsyn på Bømlo Rådhus 5430 Bremnes i tida 13.05.2020 til 24.06.2020.
 
Eventuelle merknader vert å senda Bømlo kommune, Arealbruk, Rådhuset Leirdalen 1, 5430 Bremnes eller postmottak@bomlo.kommune.no innan 24.06.2020.
 
Sist endra 07.05.2020 15:06
Fant du det du leitte etter?

Kontakt

Telefon:
53 42 31 56
Tittel:
Sakshandsamar plan
Bunnhjørne
 
Login for redigering