Koronavirus - info 815 55 015. Kommunal infoside

Offentleg gjennomsyn - reguleringsplan for Fv 542 Notland- Mosterhamn

Plankart for framlegg til reguleringsplan for framlegg til reguleringsplan for Fv 542 Notland- Mosterhamn i Bømlo til offentleg gjennomsyn. Kartillustrasjon. (Statens Vegvesen) - Klikk for stort bilete

Statens vegvesen har laga framlegg til reguleringsplan for Fv 542 Notland-Mosterhamn. Utval for areal og samferdsel har i møte 30.01.2019 sak 4/19 gjort vedtak om å leggja saka ut til offentleg gjennomsyn med merknadsfrist 23. april 2019.

Statens vegvesen har laga framlegg til reguleringsplan for utbetring av fylkesveg FV 542 Notland-Mosterhamn i ein strekning på ca. 1,6 km. Fylkesvegen vert lagt om på ei 300 meter strekning for å fjerna problema som ein har i «Salemsvingen». Her vert fylkesvegen flytta til område på nordsida av det tidlegare bedehuset. På resten av vegstrekninga er det gjort framlegg om breiddeutviding og siktforbetring og mindre endring av veglinja.
 
Frå Notland til Moster sentrum er det gjort framlegg om gang-sykkelveg på nordsida av køyrevegen. Gjennom sentrum er det lagt opp til sentrumspreg med tosidig fortau. Frå Moster Gamle kyrkje til ferjekaien er det planlagt fortau på sørsida heile vegen.
 

Følgjebrev off. høyring (PDF, 314 kB)

Planføresegner (PDF, 139 kB)

Plankart 1 (PDF, 2 MB)

Plankart 2 (PDF, 2 MB)

Planomtale (PDF, 8 MB)

ROS-analyse (PDF, 2 MB)

Saksutgreiing og protokoll (PDF, 314 kB)

Støysonekart (PDF, 4 MB)

 

Merknadsfrist

Planframlegget er utlagt til offentleg gjennomsyn på Bømlo Rådhus 5430 Bremnes i tida 27.02. til 23.04.2019. Eventuelle merknader til revidert framlegg til detaljreguleringsplan for bustad‐ og naust 108/66 m.fl. Stavland vert å senda til Bømlo kommune Arealbruk, 5430 Bremnes eller postmottak@bomlo.kommune.no innan 23.04.19.

 

Gje dine innspel/merknadar til planen her

Sist endra 25.02.2019 13:48
Fant du det du leitte etter?

Kontakt

Telefon:
53 42 31 32
Tittel:
Sakshandsamar plan
Bunnhjørne
 
Login for redigering