Koronavirus - info 815 55 015. Kommunal infoside

Offentleg høyring om framlegg til lokal forskrift om nedgravne oljetankar

Bømlo kommunestyre handsama i møte 06.04.2020 sak 28/20 framlegg til lokal forskrift om nedgravne oljetankar i Bømlo kommune. Bømlo kommunestyret gjorde samrøystes slikt vedtak: 1. Bømlo kommune gjer med dette framlegg om å innføre "Lokal forskrift om nedgravne oljetankar i Bømlo kommune". 2. Framlegg til lokal forskrift om nedgravne oljetankar i Bømlo vert med dette vedteke utlagt  til offentleg gjennomsyn i 6 veker.

Føremålet med å innføra forskrifta i Bømlo er å få ein betre oversikt over alle anlegga i kommunen, og å ha høve til å påleggje eigar jamleg kontroll av tankane. I tillegg vil kommunen kunne gi pålegg om at alle oljetankar uansett storleik, som ikkje lenger er i bruk, skal tømmast og gravast opp. Dette har vorte svært aktuelt no når det frå 01.01.2020 er innført forbod mot fyring med mineralolje i private bustader.

 
Framlegg til lokal forskrift om nedgravne oljetankar i Bømlo vert med dette utlagt til offentleg gjennomsyn i tida frå 25.april  til fredag 12.juni 2020.
 
 
 

Merknadsfrist 12.06.2020

Eventuelle merknader til framlegg til lokal forskrift om nedgravne oljetankar i Bømlo kan sendast til Bømlo kommune, Rådhuset, Leirdalen 1, 5430 Bremnes eller til postmottak@bomlo.kommune.no innan 12.06.2020.
 
 
Sist endra 23.04.2020 14:40
Fant du det du leitte etter?

Kontakt

Telefon:
53 42 31 32
Tittel:
Sakshandsamar plan
Bunnhjørne
 
Login for redigering