Koronavirus - info 815 55 015. Kommunal infoside

Offentleg høyring reguleringsplan med konsekvensutgreiing for høgdebasseng og ny vassleidning Vorland

Utval for areal og samferdsel i Bømlo kommune har i møte 29.04.2020 sak 36/20 vedteke å leggje ut til offentleg gjennomsyn framlegg til reguleringsplan for ny vassleidning og høgdebasseng på Vorland.

Reguleringsplankart for vassleidning og høgdebasseng Vorland til offentleg gjennomsyn. (Sweco AS) - Klikk for stort bilete

Føremålet med reguleringsplanen er å legge til rette for ny vassleidning, nytt høgdebasseng ved Kvernavatnet på Vorland og tilhøyrande køyreveg. Planområdet er på 35, 8 daa og strekker seg frå nytt høgdebasseng ved Kvernavatnet i nord og sørover til eksisterande vasshandsamingsanlegg på Vorland og til Andalsvegen i aust. 

 
 
 
 
 
 
 
 

Merknadsfrist 23. juni 2020

Planframlegget er utlagt til offentleg gjennomsyn på Bømlo Rådhus 5430 Bremnes i tida 11.05.2020 til 23.06.2020.
 
Eventuelle merknader vert å senda Bømlo kommune, Arealbruk, Rådhuset Leirdalen 1, 5430 Bremnes eller postmottak@bomlo.kommune.no innan 23.06.2020.
 
Sist endra 07.05.2020 15:06
Fant du det du leitte etter?

Kontakt

Telefon:
53 42 31 32
Tittel:
Sakshandsamar plan
Bunnhjørne
 
Login for redigering