Koronavirus - info 815 55 015. Kommunal infoside

Offentleg høyring - utkast kommunedelplan oppvekst

Utval for oppvekst, kultur og idrett vedtok samrøystes i møte 5.03.2019 å leggja «Kommunedelplan for oppvekst 2019 – 2024» ut til høyring og offentleg ettersyn med høyringsfrist 26.04.2019.

Framside høyringsutkast kommunedelplan oppvekst. - Klikk for stort bilete

Høyringsframlegget finn du her  (PDF, 3 MB)

 

Kommunedelplan oppvekst:

Kommunedelplan for oppvekst er ein overordna strategisk plan som skal gje mål og retning for arbeidet med at barn og unge skal få ein god oppvekst i Bømlo kommune. Denne planen skal hjelpe kommunens tenesteområde til å utvikla tenester som bidreg til gode oppvekstvilkår på alle arenaer der barn og unge ferdast og danna.
 
Planen omhandlar området oppvekst frå 0 – 20 og ved nokre høve opp til 25 år, og set eit heilskapleg fokus på oppvekst for barn og unge i Bømlo kommune. Den seier noko om korleis ein skal bli inkludert i Bømlo-samfunnet gjennom læring og danning i barnehage, skule og kulturskule. Den set fokus på tenester som kan yta hjelp og samhandlinga rundt barn og familiar som er sårbare, eller treng støttetiltak i ein periode. Planen omtalar også førebygging og helsefremjing for denne aldersgruppa.
 

Inndeling av planen:

Planen består av fire delar, samt ein innleiande del som beskriv mandat, organisering av planarbeidet og organisasjonen vår. Denne delen syner også dei førande dokumenta for oppvekst. 
 
Del 1 seier noko om kva for framtid som møter barn og unge som veks opp i Bømlo i planperioden.
 
Del 2 fortel kva for verdiar som skal liggja til grunn for arbeidet til alle tilsette i oppvekstsektoren.
 
Del 3 er mål og tiltaksdelen i planen og denne inneheld fire hovudområde for vidare arbeid. Desse fire hovudområda er:
1. Inkludering og deltaking
2. Førebygging og samhandling, støtte
3. Folkehelse og livsmeistring
4. Kultur og fritidstilbod
 
Del 4 omhandlar satsingsområde, kompetanseheving og seier noko om korleis implementering av planen skal gjerast.
 

Merknadar vert å senda via kommunen sine nettsider:

 
 
 
ordinær postadresse:  Bømlo kommune v/rådgjevar oppvekst, Rådhuset, Leirdalen 1, 5430 BREMNES
 
 

Høyringsfrist er satt til 26.04.2019.

 
Sist endra 24.04.2019 18:48
Fant du det du leitte etter?

Kontakt

Telefon:
53 42 30 55
Mobil:
957 50 151
Tittel:
rådgjevar oppvekst
Bunnhjørne
 
Login for redigering