Oppstart planarbeid Lyklingsjøen

På vegne av grunneigar Roald Hope m.fl varslar Planlegg Bømlo AS oppstart av detaljreguleringsplan for fritidsbustader på gnr./bnr. 136/6 og 80 m.fl, planid 201616 ved Lyklingsjøen.

Oppstartsrmelding Lyklingsjøen (Planlegg Bømlo AS) - Klikk for stort bilete

I gjeldande kommuneplan er området i hovudsak disponert til noverande fritidsbustadbygging, noverande andre typar bebyggelse og anlegg, småbåtanlegg og spredt bustadbygging. Ein søkjer å planlegga detaljregulering av område for utbygging til fritidsbustadar med tilhøyrande infrastruktur medan eksisterande bustadhus m.m. vert regulert inn slik det er i dag.

 

Varsel om oppstart (PDF, 557 kB) 

Saksprotokoll søknad om oppstart (PDF, 296 kB)

Planskisse (PDF, 309 kB)

Oversiktskart (PDF, 2 MB)

Planomriss (PDF, 416 kB)

Utsnitt frå kommuneplanen (PDF, 653 kB)


I kommuneplanen sine føresegner § 3.1.4 vert det stilt krav til detaljregulering for område der det er plass til meir enn 3 fritidsbygg i rekkje, og det er på denne bakgrunn at ein ynskjer oppstart av detaljregulering av området.

 

12 fritidsbustader

Utbyggingsområdet området omfattar g.nr 136, b.nr 4, 6, 17, 54 og 80. I samråd med planavdelinga i Bømlo Kommune er det tatt med eit større område i planarbeidet for å få ein meir heilhetleg plan. Her vert det også inkluder tilførselsveg og eksisterande bebyggelsesområde samt sjøområde som ligg mellom utbyggingsområda.


Føremålet med detaljreguleringsplanen er å planleggja for bygging av inntil 12 fritidsbustadar. Innanfor planområdet vert det tilrettelagt for naudsynt trafikkareal, parkering, kaiar, flytebrygger, småbåtanlegg i sjø og friområde i sjø Sørom 136/80 ynskjer ein å byggja tiltak som går noko lengre enn 3m ut frå kystkonturen for å fungera som fundament for bygning. I tillegg ynskjer ein å leggja føremål fritidsbustad ut i ein liten del av føremål småbåtanlegg av same grunn.


Delar av planområdet nord for kommunal veg ”Gullvegen” ligg i område angitt som mogeleg rasfarleg område (hensynssone H310-57). Ein planlegg difor ingen bygningar i dette området, men vurderar det som aktuelt for parkering.

 

Innspel, merknadar og kommentarar ønskes tilsendt innan 14. august 2017 til:

Planlegg Bømlo as
Fylkesnesvegen 31
5430 Bremnes

 

eller på e-post til post@planleggbomlo.no

Sist endra 19.06.2017 15:39
Fant du det du leitte etter?
Kunngjeringar

Kontakt

Telefon:
53 42 31 56
Tittel:
Sakshandsamar plan
Bunnhjørne
 
Login for redigering