Oppstartsmelding bustader Dahlaneset

I samsvar med plan- og bygningslova § 12-8 vert det med dette meldt at Gøtz AS på oppdrag for Moster Partner AS, set i gang arbeid med detaljregulering/reguleringsendring for eige-domen gnr. 22 bnr. 25 m.fl., Dahlaneset, Mosterhamn austre, Bømlo kommune (planid: 201603). 

Oppstartsmedling Dahlaneset 22/25 m.fl (Gøtz AS) - Klikk for stort bilete

Planstatus og føremål

Området er regulert tidlegare i reguleringsplan R-54 Mosterhamn, og er i gjeldande plan vist som område for industri (I1) og køyreveg. Områda i sjø er regulert til hamn (T4). Ny plan vil erstatte delar av R-54 heilt innanfor det området som er omfatta av plangrensa.


Føremålet med reguleringsplanen er å omregulere delar av R-54 frå industri til område for bustader (konsentrert og frittliggjande) med tilhøyrande tilkomstvegar, kaianlegg og grønstruktur. Reguleringsplanen vil såleis vere i strid med gjeldande reguleringsplan i området. Bakgrunnen for reguleringsendringa er at grunneigar meiner at området ikkje eignar seg som industriområde lenger. Eksisterande kaiar er ikkje djupe nok til å kunne nyttast av større båtar og det har tidlegare vist seg problematisk med bruk av eit industriområde som ligg så nært opp til eksisterande bustadområde.

 

Oppstartsmelding (PDF, 104 kB)

Plangrense utkast (PDF, 393 kB)

Situasjonsplan (PDF, 499 kB)

Svar på prinsippsøknad (PDF, 2 MB)

Luftfoto (PDF, 4 MB)

Oversiktskart (JPG, 289 kB)

 

I dei seinare åra har dessutan meir og meir av industrien på Moster vorte samla på Serklaug, og dette er også ynskjeleg. Ein ser føre seg at det kan etablerast ca. 40 bustadeiningar innanfor planområdet, og ein vil leggje opp til at det skal etablerast ein kombinasjon av leilegheiter (ca. 65 – 75m2 store) og kjeda einebustader. Vidare ynskjer ein å regulere inn ein større parkeringsplass på ca. 1000m2 under bakkenivå, samt leggje til rette for felles småbåtanlegg i tilknyting til bustadene. Ein vil også regulere inn kaiar/promenade og mogleg badeplass med offentleg tilgjenge.

 

Dei førebelse planane er vist på vedlagt prinsippskisse/situasjonsplan og illustrasjon. Ein gjer merksam på at dette berre er eit utkast, og at det kan koma endringar på vegføring, tomteplassering, tal på einingar osv. i det endelege planforslaget. Køyretilkomst til dei nye bustadane er tenkt via eksisterande kommunal køyreveg,
Dalanesvegen (KV1107).

 

Avgrensing

Planområdet omfattar heile eller delar av eigedomane: gnr. 22 bnr. 1, 8, 20, 25, 37, 46, 47, 49, 50, 51, 53, 55 og gnr. 20 bnr. 142. Planområdet utgjer ca. 17,3 daa og er vist med avgrensing på vedlagd kartskisse.

 

Publisert av Simon Knutsson Sortland. Sist endra 26.02.2018
Fant du det du leitte etter?
Kunngjeringar

Kontakt

Telefon:
53423132
Mobil:
90737465
Tittel:
landbrukssjef
Bunnhjørne
 
Login for redigering