Oppstartsmelding fritidsbustader Grindheimsvåg

I samsvar med plan- og bygningslova S 12-8 vert det med dette meldt om oppstart av detaljregulering for Grindheimsvåg, gnr/bnr 15/106, 14/214 og 61 m.fl., Bømlo kommune (PlanlD: 201402). Høyringsfristen er 20.10.20017.

Kart. (ABO plan og arkitektur) - Klikk for stort bilete

Planarbeidet er i samsvar med kommuneplanen sin arealdel. Bakgrunn og føremål for planarbeidet er ikkje endra sidan 2014 og omfattar følgjande:

  • Fritidsbusetnad i Grindheimsvåg: Regulere for oppgradering og bruksendring av eksisterande naust til fritidsbustad (gnr. 14/214 og 15/106). Regulering av ein ny fritidsbustad på gnr. 14/61. Ut over dette opnar planen ikkje for nye fritidsbygg. Forventa trafikkendring som følgje av reguleringsplanen er knytt til bruksendring av to naust til fritidsbustad, samt ein ny fritidsbustad. Elles regulerer ein dagens situasjon.
     
  • Vegføremål: Regulere eksisterande vegsituasjon frå Grindheimsvegen fram til sjøområdet. Det er planlagt å vidareføre eksisterande utforming og dimensjon på privat veg, Steinshaugvegen, fram til Grindheimsvegen. Planen endrar ikkje tilhøva eller rettar knytt til eigedommar eller veglag, eller eksisterande bygg eller anlegg. Plangrensa omfattar eksisterande køyreveg, avkøyringar med tilhøyrande siktsoner.
     
  • Parkeringsplassar: Regulere parkeringsplassar knytt til dei tre fritidsbustadane i tråd med kommuneplanen (minimum 2 parkeringsplassar per fritidsbustad). Desse parkeringsplassane er tenkt fordelt ved fritidsbustadane, langs vegen frå Steinshaugvegen til sjøområdet og i området før Nilsale.
     

Følgjebrev (PDF, 813 kB)

Varsel om oppstart (PDF, 2 MB)

Kart - Planavgrensning utvida område (PDF, 2 MB)
 

Planavgrensinga ved gnr. 15/8 og 15/14 er sett med bakgrunn i behov for oppstillingsplass for parkering og fleksibilitet i høve til plassering av desse. Eksisterande vegtilkomst frå Grindheimsvegen, samt avkøyringar langs den private vegen er inkludert innanfor plangrensa. Siktsoner ved avkøyringar er inkludert i planområdet. Bustadeigedommane langs vegen er regulert til bustadføremål i kommuneplanen, og det er planlagd dette føremålet vert vidareført på desse eigedommane.
 

Planområdet er redusert i området ved gnr. 14/61 og er i underkant av 10 daa stort. Eigedommar som er inkludert i planområdet er: gnr/bnr 14/214 og 15/106, samt delar av gnr./bnr. 14/3, 13, 33, 56, 61, 78, 79, 95, 108, 167, 215, 237, samt gnr./bnr. 15/8, 14, 30, 44, 88, 95, 117


Moglege merknadar og synspunkt til planarbeidet skal sendast skriftleg til:

ABO Plan & Arkitektur Stord AS

Postboks 32

5401 Stord

eller e-post: turid@abo-ark.no / ke@abo-ark.no

 

Høyringsfrist: 20.10.2017

Sist endra 08.09.2017 09:09
Fant du det du leitte etter?
Kunngjeringar

Kontakt

Telefon:
53 42 31 56
Tittel:
Sakshandsamar plan
Bunnhjørne
 
Login for redigering