Koronavirus - info 815 55 015. Kommunal infoside

Oppstartsmelding fritidsbustadområde Fylkesnestrædet gnr. 113, bnr. 7 mfl.

I samsvar med § 12-3 i Plan- og bygningslova vedtok Utval for areal og samferdsle 22.05.2019 samrøystes at gnr. 113, bnr. 7 mfl. Fylkesnestrædet, Fylkesnes i Bømlo vert teke opp til regulering til fritidsbustadføremål med tilhøyrande trafikkareal, parkering, kaiar, småbåtanlegg og grøntområde. 

Fylkesnestrøet oppstartsmelding (Multiconsult AS) - Klikk for stort bilete

Føremålet med detaljreguleringsplanen er å planleggja for bygging av inntil 15 nye fritidsbustadar. Innanfor planområdet vert det tilrettelagt for naudsynt trafikkareal, parkering, kaiar, flytebrygger, småbåtanlegg i sjø og grøntområde for allmenn tilkomst gjennom planområdet og fram til Vadholmen nord for planområdet. Det omsøkte arealet er på gnr. 113, bnr. 7 mfl. Fylkesnes.

 

Søknaden gjeld løyve til oppstart av detaljreguleringsplan for å regulere området til inntil 15 stk. nye fritidsbustader med tilhøyrande tilkomstveg, parkering, kaiar, flytebryggjer, småbåtanlegg og grøntområde. Det ligg 2 eksisterande naust i området frå før, det eine med båtgarasje, og eit båtopptrekk/slipp.

 
Området er ikkje regulert tidlegare og i gjeldande kommuneplan er området på land vist som noverande fritidsbustad med krav til reguleringsplan, noverande bustad, og som LNFR-føremål. Område i sjø er vist som noverande småbåtanlegg og bruk og vern av sjø og vassdrag med tilhøyrande strandsone. Eksisterande tilkomstveg ligg i område som er vist som LNFR-område og bustadområde i gjeldande kommuneplan.
 
Planområdet er ca. 9 daa.
 
Det er Planlegg Bømlo AS på vegne av grunneigar Halvor Mæland som er forslagsstillar.
 
Eventuelle innspel, merknadar og kommentarar må sendast innan 29. juli 2019 til:
 
Planlegg Bømlo as
v/ Vidar Onarheim
Mob: 469 20 337
Sist endra 05.06.2019 13:18
Fant du det du leitte etter?

Kontakt

Telefon:
53 42 31 56
Tittel:
Sakshandsamar plan
Bunnhjørne
 
Login for redigering