Koronavirus - info 815 55 015. Kommunal infoside

Oppstartsmelding naust- og fritidsbustadar i Børøyvika

På vegne av grunneigar Jarle Martinsen m.fl sender me med dette varsel om oppstart av detaljregulering for naust- og fritidsbustadområde Børøyvika gnr. 2, bnr. 108 m. fl. ved Bærøy i Bømlo kommune. Føremålet med arbeidet er å planleggja for utbygging av naust og hytter.

VARSEL OM OPPSTART AV DETALJREGULERING FOR NAUST- OG FRITIDSBUSTADAR BØRØYVIKA 2/108 M.FL BÆRØY, PLANID 201809. Planomriss. (Planlegg Bømlo AS) - Klikk for stort bilete

Planområdet

Føremålet med detaljreguleringsplanen er å planleggja for bygging av inntil 19 nye naust og 19 nye fritidsbustadar samt å vurdera bruksendring av 1 gamal løe frå LNF til fritidsbusetnad. Innanfor planområdet vert det tilrettelagt for naudsynt trafikkareal, parkering, kaiar, flytebrygger, småbåtanlegg i sjø og friområde i sjø. Det vil verta vurdert å laga felles småbåtanlegg i Børøyvika.

 

Varsel om oppstart (PDF, 383 kB)

Saksutgreiing Bømlo kommune (PDF, 4 MB)

Planomriss (PDF, 416 kB)

Referat oppstartsmøte (PDF, 421 kB)

 

I gjeldande kommuneplan er området i hovudsak disponert til noverande naustområde, LNFR-område, noverande fritidsbebyggelse, samt bruk og vern av sjø og vassdrag med tilhøyrande strandsone. Ein vil planlegga detaljregulering av område for utbygging av naust med tilhøyrande infrastruktur samt fritidsbustadar med tilhøyrande infrastruktur.

 
Delar av planområdet ligg innanfor hensynssone 570_26, Verneverdig sjøbruksmiljø, og bandleggingssone H 710_90, og dette vil verta omtalt vidare i planarbeidet. I og i nærheten av planområdet er det og lokalitetar med viktige naturtypar. Det er frå Bømlo kommune si side sett krav om konsekvensutgreeing av dei biologiske verdiane, og planleggjar har hyrt inn kompetent firma til å undersøkja dette.
 
I kommuneplanen sine føresegner § 3.1.3 vert det stilt krav til detaljregulering for område der det er plass til meir enn 4 naust i rekkje, samt § 3.1.4 som stiller krav til detaljregulering for område der det er plass til meir enn 3 fritidsbygg i rekkje.Utbyggingsområdet området omfattar heile eller delar av g.nr 1, b.nr 106, g.nr 2, b.nr 3, 5, 23, 24, 82, 99, 103, 104, 106, 107 og 108.
 
I samråd med planavdelinga i Bømlo Kommune er det tatt med eit noko større område i planarbeidet for å få ein meir heilhetleg plan. I løpet av prosessen fram mot prinsippsøknad oppstart av detaljreguleringsarbeid er omfanget og planområdet utvida ettersom planområdet inkludert sjøareal og vegareal vart større enn 10 daa og at fleire grunneigarar i området ytra ønske om å delta i reguleringsplanarbeidet.
 
For å unngå å få fleire, mindre planar innanfor same område på same tid, er planområdet no utvida til å også gjelda eit større område for fritidsbusetnad, men som ligg innanfor same føremål i kommuneplanen.
 

Innspel, merknadar og kommentarar innan 30.01.2020 til:

 
Planlegg Bømlo as
Fylkesnesvegen 31
5430 Bremnes
 
eller på e-post til post@planleggbomlo.no
Sist endra 29.01.2020 09:34
Fant du det du leitte etter?

Kontakt

Telefon:
53 42 30 63
Mobil:
915 56 750
Tittel:
konstituert rådmann
Bunnhjørne
 
Login for redigering