Koronavirus - info 815 55 015. Kommunal infoside

Oppstartsmelding Øyjordsvika II - Grindheim og Espeland

I medhald av plan og bygningslova §12-8, vert det med dette meldt oppstart av arbeid med privat detaljreguleringsplan for bustadområde Øyjordsvika II, 14/187 og 12/18 m.fl., Grindheim og Espeland, planid: 201723. Merknadsfrist er innan 26.05.2018.
 

Planomriss for reguleringsplan Øyjordsvik II oppstartsmelding. Kart.  (Gøtz AS) - Klikk for stort bilete

Planstatus og føremål

Planområdet er ein del av ein større områdereguleringsplan; Områdereguleringsplan for bustadfelt Espeland – Grindheim med planid: 200701. I gjeldande plan er området regulert til bustader – frittliggjande – småhus (B-3, B-4, B-6 og B-7), bustader – konsentrert – småhus (del av BK-4, del av BK-5), leikeplass (f_FL-1), friluftsformål (o_OF-4, del av o_OF-1 og o_OF-8), parkeringsplass (f_FP-2), køyreveg (del av o_VEG-01, del av o_VEG-02, o_VEG-04, f_FVEG-01) og gangveg (del av o_GVEG-3 og del av o_GVEG-4). I tillegg er delar av planen regulert tidlegare i detaljreguleringsplan for Espeland – Grindheim (planid: 201106). Her er området regulert til køyreveg og frittliggjande einebustader (BF9-10).

 

Vedtak oppstart (PDF, 2 MB)

Følgjebrev oppstart (PDF, 262 kB)

Illustrasjon (PDF, 2 MB)

Planomriss (PDF, 801 kB)

Oversiktskart (JPG, 288 kB)

Kart oversikt (PDF, 2 MB)

 

Vidare er eigedomen gnr. 14 bnr. 266 tidlegare regulert i detaljreguleringsplan II, Espeland – Grindheim, felt ALM-2, BK-2, B-7 med planid: 201301. Her er denne eigedomen regulert til frittliggjande einebustader (BF1). Dei delane av planområdet som tidlegare er regulert i reguleringsplanane med planid: 201106 og 201301 er teke med innanfor plangrensa etter ynskje frå kommunen. Grunngjevinga er for å unngå «hol» i desse planane, og for å få med naudsynte siktsoner i kryss og avkøyrsler. Gjeldande arealbruk og føresegner for desse areala vil berre verta vidareført i ny plan.

 

55 bueiningar

Føremålet med detaljreguleringsplanen er å leggje til rette for bygging av til saman ca. 33 stk. nye eine-bustader og ca. 20 stk. nye konsentrerte bustader med tilhøyrande tilkomstvegar, parkeringsplassar og leikeareal. Ein har utarbeidd ei prinsippskisse over bustadområda som viser korleis ein ser føre seg å byggje ut denne delen av området.

 

Ein gjer merksam på at dette berre er eit utkast, og at det kan koma mindre endringar på vegføring, tomteplassering, tal på einingar osv. i det endelege planforslaget. Tilkomst til bustadområda er tenkt via eksisterande køyrevegar; o_VEG-01 og o_VEG-04 i områdereguleringsplanen. Den planlagde utbygginga er stort sett i tråd med områdereguleringsplanen, med nokre mindre justeringar/ avvik. Viser til vedtak prinsippsøknad for nærare skildring av desse.

 

48 dekar

Planområdet omfattar heile eller delar av eigedomane: gnr. 12 bnr. 2 og 18 og gnr. 14 bnr. 72, 187, 249, 250, 251, 253, 266 og 273. Planområdet utgjer ca. 40,8 daa.Ein gjer merksam på at det var vist ei større plangrense i samband med prinsippsøknaden som er handsama  og godkjend av kommunen (sjå vedlegg vedtak prinsippsøknad). Planområdet er no redusert fordi nokre av dei som eigentleg skulle vere med i planen har trekt seg. Endringa er avklara med kommunen.

 

Det er vurdert konsekvensutgreiing, og planavdelinga i Bømlo kommune har vurdert det slik at detaljreguleringsplanen ikkje utløyser krav om konsekvensutgreiing etter forskrift om konsekvensutgreiing §10, første ledd bokstav a-d og §10, andre ledd bokstav a-h. Kommunen har vurdert denne planen til å ikkje ha vesentleg verknad for miljø og samfunn.

 

Det er ikkje registrert kulturminne, verdifulle naturtypar, viktig landbruksareal eller friluftsområde innanfor plangrensa. Viktige utgreiingar i planarbeidet er fastsetting av formålsgrenser og utnytting av området. Ein skal så langt det er mogleg vere energi- og ressursbevisst, og gjennom utnytting av naturgitte føresetnader vera eit positivt innslag i lokalmiljøet.

 

Naboar og grunneigarar vert varsla direkte.

 

Eventuelle merknader eller innspel som har innverknad på planarbeidet skal sendast skriftleg til:

 

Gøtz AS v /Kari Hilde Rommetveit

Sæ 132

5417 STORD

 

eller til post@goetz.no innan 26.05.2018.

 


Spørsmål om eller innspel til planarbeidet kan rettast til Gøtz AS

v/ Kari Hilde Rommetveit, tlf. 976 53 972.

 

 

Sist endra 16.04.2018 13:00
Fant du det du leitte etter?

Kontakt

Telefon:
53 42 31 32
Tittel:
Sakshandsamar plan
Bunnhjørne
 
Login for redigering