Oppstartsmelding Svartabrotet naustområde

Med heimel i plan- og bygningslova § 12-8 vert det med dette meldt at Gøtz AS  på oppdrag for Odvar og Gro Grindheim, set i gong arbeid med detaljregulering for Svartabrotet, del av gnr. 14 bnr. 38, Grindheimsvåg, Bømlo kommune.

Detaljregulering for Svartabrotet naustområde, del av gnr. 14 bnr. 38, Grindheimsvåg. - Klikk for stort bilete ILL: Gøtz AS Planstatus og føremål
Området er ikkje regulert tidlegare og i gjeldande kommuneplan er området vist som naust med krav til reguleringsplan. Tiltaket vil såleis vere i tråd med overordna plan. Delar av tilkomstvegen ligg i LNF-området.

Føremålet med reguleringsplanen er å leggje tilrette for etablering av 3 stk naust med tilhøyrande tilkomstveg, parkeringsplassar, kai, flytebrygge og båtplassar. Planområdet utgjer i alt ca. 3,1 daa og er vist på kartet.


Det er vurdert konsekvensutgreiing, men i samråd med planetaten i Bømlo kommune har ein konkludert med at planen ikkje fell inn under vilkåra for slik utgreiing.


Naboar og grunneigarar vert varsla direkte. Eventuelle merknader eller innspel som har innverknad  på planarbeidet skal sendast skrifteleg til:
Gøtz AS
Sæ 132
5417 Stord

eller til post@goetz.no  innan 25.03.2015.


Spørsmål om eller innspel til planen kan rettast til:
Gøtz AS v/ Martin Gøtz, tlf. 472 63 639

Sist endra 11.02.2015
Fant du det du leitte etter?
Kunngjeringar
 
Login for redigering