Oppstartsmelding Verkstaden Kvernenes

I samband med Plan- og bygningslova §12.1 og §12.8 varslast det hermed om oppstart av privat reguleringsarbeid forbustad, naust- og næring Verkstaden Kvernenes 151/8 m.fl. planid 201605.

Verkstaden Kvernenes  (Byggprosjekt AS) - Klikk for stort bilete

Oppstartsmeldinga gjeld eigedomane gnr. 151, bnr. 8, 11, 13, 14, 15, 21, 26, 28, 30, 35, 40, 41, 42 og 43. Reguleringa er planlagt som detaljregulering i fylgje Pbl. §12.3.

 

Planområde:

Areal som foreslås regulert gjeld ca. 10 daa. inkl. areal i sjø. Området er i dag nytta som delvis utbygd med bustadar og naustbygg. Gjeldande plan for området er kommuneplan for Bømlo 2013-2025. Planområdet grenser i dag til noverande Reguleringsplan (vegplan) R-87.

 

Vedtak om oppstart (PDF, 2 MB)

Melding om oppstart (PDF, 432 kB)

Kart planomriss (PDF, 515 kB)

 


Planføremål:

Hensikten med detaljregulering av området er i hovudsak tilrettelegging for vidare utbygging av bustadar og naust. Del av planområdet er i fylgje gjeldande kommuneplan disponert for naustbygg. Dette området er pr. i dag delvis utbygd.

 

Ein ynskjer her å vidareføre utbygging av naust tilsvarande noverande naustbygg. Mindre del av naustarealet ynskjes omgjord til grøntareal då dette området er lite tenleg for naustbygg.

 

Nordre del av naustområdet ynskjes disponert for næringsareal for vidareføring av noverande båtslippanlegg. Innanfor eigedom 151/8 er i dag oppført eldre bygning som tidlegare var nytta for bustad og industri. Denne bygningen ynskjes restaurert og nytta som tidlegare føremål (1. etg. vaskeri/lager og 2. etg. bueiningar). Planområdet i sjø ynskjes disponert for småbåtanlegg og ferdsel i sjø.

 

Eventuelle merknadar/innspel til planarbeidet:

Merknader eller innspel til planarbeidet sendes via post til A/S Bygg Prosjekt, Hollundsdalen 2, 5430 Bremnes eller elektronisk via e-post til firmapost@bygg-prosjekt.com.

 

Frist for merknadar er satt til 12.01.2017.

 

Alle mottatte merknadar/innspel vert sendt kommunen saman med planforslaget. Nærare informasjon om planarbeidet ved kontakt til A/S Bygg Prosjekt, tlf. 53 42 10 77.

Sist endra 29.11.2016
Fant du det du leitte etter?
Kunngjeringar

Kontakt

Telefon:
53 42 31 56
Tittel:
Sakshandsamar plan
Bunnhjørne
 
Login for redigering