Rådmannen sitt budsjettframlegg 2017

"God folkehelse – grunnlag for Det gode liv" er tittelen på rådmann Geir E. Aga sitt framlegg til budsjett 2017 - Velferdsplan 2017-2020 som vart lagt fram i Kulturhuset i dag klokka 10.00. Formannskapet skal handsama budsjettframlegget 15. november og gje innstilling til kommunestyret som gjer endeleg vedtak i budsjettmøtet 12. desember.

Framside rådmannsforslag budsjett 2017 (Bømlo kommune) - Klikk for stort bilete

Prioriteringane i Oversiktsdokument for folkehelse vedteke i kommunestyret er styrande for rådmannen sine framlegg til bruk av budsjettmidlar. Rådmannen har lenge vore førebudd på at kommunen ville få eit lite økonomisk handlingsrom i 2017. Omlegging av inntektssystemet har gitt oss ein reduksjon i rammetilskotet på ca. 1,3 mill., medan endring av kriteriedata faktisk fører til ein reduksjon på 7,5 mill. kr.


Bømlo er den kommunen i heile Hordaland med lågast vekst i dei frie inntektene, 1,2 %. Sjølv om det ikkje er lagt opp til nye satsingar i 2017 må kommunen finne midlar til lovpålagte oppgåver som har ein sterkare vekst enn vanleg prisjustering. 

 

Rådmannen vil på nyåret legge fram ei overordna sak på korleis ulike strukturgrep kan gi større økonomisk handlingsrom.

 

- Denne bør vere utgangspunkt for eit arbeid som skal sikre dette handlingsrommet i framtida, seier rådmann Geir E. Aga.

 

Rådmannen sitt framlegg til budsjett 2017 - Velferdsplan 2017-2020 (PDF, 4 MB)

 

Rådmannen sin budsjettpresentasjon (PDF, 840 kB)

Sist endra 09.11.2016
Fant du det du leitte etter?
Kunngjeringar

Kontakt

kontaktperson
Telefon:
53 42 30 52
Mobil:
941 71 093
Tittel:
rådmann
Bunnhjørne
 
Login for redigering