Reguleringsplan fritidsbustader Skineset vedteken

Kommunestyret vedtok 22.05.2017 med heimel i Plan‐ og bygningslova §12‐3 privat detaljreguleringsplan for fritidsbustader for området på gnr. 76, bnr. 1, Skineset på Rolfsnes i Bømlo revidert 31.08.2016 med tilhøyrande reguleringsføresegner revidert 06.09.2016. Reguleringsplanen er rettsleg bindande utan stadfesting frå statleg styresmakt.

Plankart fritidsbustader Skineset gnr./br.nr 76/1 Rolfsnes. (J. Tufteland AS) - Klikk for stort bilete

Føremålet med planen er å regulere til fritidsbustader og er såleis i samsvar med gjeldande plangrunnlag. Forslagsstiller er Ole Rolfsnes. Planområdet er totalt ca. 17,5 daa.

 

Planforslaget viser 10 nye fritidsbustader, med grunnflate inntil 100 m2. Det er regulert inn 2 felles parkeringsplasser, med i alt 22 plasser. 2 av plassane er avsett til gnr. 76 bnr. 116, i samsvar med vedtak frå Fylkesmannen i Hordaland 17.08.16.

 

Innan området er regulert 11,2 da. friluftsområde. Dette heng saman med større naturområde utanfor planområdet.

 

Følgjebrev (PDF, 180 kB)

Føresegner (PDF, 45 kB)

Plankart (PDF, 469 kB)

Planomtale (PDF, 2 MB)

Vedtak (PDF, 207 kB)

Kunngjering (PDF, 64 kB)

Sist endra 02.06.2017 09:38
Fant du det du leitte etter?
Kunngjeringar

Kontakt

Telefon:
53 42 31 56
Tittel:
Sakshandsamar plan
Bunnhjørne
 
Login for redigering