Revidert varsel detaljregulering for Gamlestraumen

Revidert varsel om oppstart av detaljregulering for Gamlestraumen, Steinsvåg, g.nr 124, b.nr 4, 60 m.fl.

Gamlestraumen Steinsvåg_Planavgrensing - rev 29.08.2016.jpg - Klikk for stort bilete

På vegne av grunneigar Rune Grønnevik m.fl sender me med dette revidert melding om oppstart av detaljreguleringsarbeid av ovannemnde område ved Gamlestraumen, Steinsvåg.


Eitt av innspela ein fekk ved første oppstartsmelding har medført at me legg om vegføring i øvre del av planområdet til å vera i tråd med tinglyst vegrett. I gjeldande kommuneplan er området vist som næringsområde for fritids- og turistføremål med bandleggingssone H710_72 som set krav til reguleringsplan, og det er på denne bakgrunn at ein ynskjer oppstart av detaljregulering av området.

 

Revidert varsel om oppstart av detaljregulering for Gamlestraumen (PDF, 686 kB)

Prinsippvedtak (PDF, 496 kB)

Planavgrensing - rev. 29.08.2016 (PDF, 606 kB)

 

I kommuneplanen er området vist som hensynssone H570_21, Bevaring kulturmiljø – verneverdige sjøbruksmiljø. Dette vil verta hensyntatt og omtalt i reguleringsplanframlegget. Ein søkjer å planlegga detaljregulering av området til utleigebygg for næring/turisme med tilhøyrande infrastruktur. Utsnitt frå kommuneplanen – viser aktuelt områdei lilla.


Planområdet omfattar delar av g.nr 124, b.nr 4 samt heile b.nr 60. I tillegg har ein i samråd med planavdelinga i Bømlo Kommune tatt med område for tilførselsveg og siktsoner opp til kommunal veg, noko som gjer at planområdet også omfattar fleire bruksnummer. Det samla planområdet utgjer omlag 4.0 daa.


Planområdet

Området er ikkje tidlegare regulert, men er i kommuneplanen avsatt til Fritids- og turistføremål. Reguleringsframlegget er difor i tråd med gjeldande kommuneplan. Føremålet med detaljreguleringsplanen er å planleggja for bygging av inntil 10 bygg for fritids- og reiselivsføremål i henhold til planskisse. Innanfor planområdet vert det tilrettelagt for naudsynt trafikkareal, kaiar, flytebrygger og småbåtanlegg i sjø.


Innspel, merknadar og kommentarar ønskes tilsendt innan 15. oktober 2016.


Send til:
Planlegg Bømlo as
Fylkesnesvegen 31

5430 Bremnes

 

eller på e-post til vidar@opplevbomlo.no

Vidar Onarheim
Planlegg Bømlo as
Mob: 469 20 337

 

Publisert av Simon Knutsson Sortland. Sist endra 07.09.2016
Fant du det du leitte etter?
Kunngjeringar

Kontakt

Telefon:
53 42 31 56
Tittel:
Sakshandsamar plan
Bunnhjørne
 
Login for redigering