Straumen II - vedteken detaljreguleringsplan

Kommunestyret vedtek med heimel i Plan‐ og bygningslova §12‐3 privat detaljreguleringsplan for omregulering av naust til fritidsbustad i hyttefelt Straumen 2, erstattar delar av R‐116, gnr. 94, bnr. 377 og 378 samt delar av gnr. 94, bnr. 6 Straumen i Bømlo datert 04.02.2016 med tilhøyrande reguleringsføresegner revidert 21.09.2016.

Straumen II - erstattar (Gøtz AS) - Klikk for stort bilete

Reguleringsplan R‐116 Straumen II vedteken i kommunestyret 18.06.2007 vert oppheva for det området som vert omfatta av ny reguleringsplan. Ny planid vert 201415. Reguleringsplanen er rettsleg bindande utan stadfesting frå statleg styresmakt. 

 

Området er tidlegare regulert i R‐116 Straumen II hyttefelt. Det er berre ein liten del av den eksisterande reguleringsplanen som er teken med i reguleringsendringa. Planområdet ligg i Straumen hyttefelt innerst i Pøyla like sør‐aust for Sæverudsøy.

 

Føremålet med planen er å omregulere/bruksendre frå naust til fritidsbustad for dei to eksisterande nausta i planområdet og justere trafikkareal og naustområde i tråd med slik det er planert i dag, samt ordne opp i parkeringssituasjon, og leggje til rette for felles småbåtanlegg. Planområdet er totalt ca. 5,7 daa. Forslagsstillar er Rune Fylkesnes, John Urang og Kåre Gåsland.

 

Følgjebrev (PDF, 168 kB)

Vedtak (PDF, 624 kB)

Føresegner (PDF, 569 kB)

Plankart (PDF, 594 kB)

Planomtale (PDF, 5 MB)

Sist endra 14.11.2016
Fant du det du leitte etter?
Kunngjeringar
 
Login for redigering