Tinging av borgarleg vigsel

Gifteringar - Klikk for stort bilete

Kommunane overtek ansvaret for borgarleg vigsel frå 1. januar 2018. Det alminnelege tilbodet om borgarleg vigsel frå kommunen skal vera gratis for kommunen sine innbyggjarar. Alle detaljar kring tilbodet er ikkje klare enno, men Kundetorget kan allereie no ta imot tingingar.

I slutten av juni 2017 endra Stortinget ekteskapslova, og vigselsmynde vart overført frå domstolane til kommunen. Lovendringa betyr at vigselsmynde vert overført til ordførarar, varaordførarar og kommunalt tilsette eller folkevalde som kommunestyret gir mynde.

 

Gratis tilbod

Alminneleg tilbod om vigsel i Bømlo kommune betyr vigsel i eit nærare fastsett rom på rådhuset i kontortida måndag til fredag kl. 0830-1430. Alle detaljar er ikkje på plass i påvente av retningslinjene frå Kommunal- og moderniseringsdepartementet.

 

- Me må sjå nærare på korleis me kan få laga til rammer og rutinar rundt vigslane slik at det vert ei god oppleving for dei som nyttar seg av tilbodet. Me tek sikte på å ha klart eit opplegg for vigsel i løpet av oktober/november, seier rådmann Geir E. Aga.

 

For tinging av borgarleg vigsel i Bømlo kommune kontaktar du Kundetorget - 53 42 30 14

 

eller på e-post: postmottak@bomlo.kommune.no

 

Om borgarleg vigsel

Mange par ønskjer å gifta seg borgarleg. I 2016 valgte omlag 60 par å gifta seg i Sunnhordland Tingrett.
 

Frå 01.01.2018 vert vigselsmynde overført frå domstolane til kommunane. Skal du gifta deg borgarleg i Bømlo i 2018, må du difor for ta kontakt med Bømlo kommune v/Rådhuset.
 

Fram til 01.01.2018 vil du framleis kunna gifte deg i Sunnhordland Tingrett.

 

Prøvingsattest

For å inngå ekteskap i Norge, må det først vurderast om ekteskapsvilkåra er oppfylt. Dette kallast prøving av ekteskapsvilkåra, og vert gjort av folkeregisteret ved ditt regionale skattekontor. På bakgrunn av prøvinga, vil folkeregisteret kunne skrive ut ein prøvingsattest. Attesten er gyldig i fire månader få utskrivinga. Alle spørsmål knytta til prøvingen må rettast til folkeregisteret ved ditt regionale skattekontor.

 

Kjønnsnøytral ekteskapslov

1. januar 2009 fikk Norge kjønnsnøytral ekteskapslov. Dette inneber at personar av same kjønn kan inngå ekteskap. Tidlegare inngått partnarskap kan gjerast om til ekteskap ved søknad til folkeregisteret.

 

Fram til Bømlo kommune har fått klarlagt retningsliner og rutinar kan du finna mykje god informasjon om borgarleg vigsel her

Sist endra 28.09.2017 13:50
Fant du det du leitte etter?
Kunngjeringar

Kontakt

Telefon:
53 42 30 14
Tittel:
kundevert
Bunnhjørne
 
Login for redigering