Tobakksfri - kurs for å kutta røyk og snus

Tobakksfri er kurstilbod for deg som ynskjer å slutte med røyk eller snus. Kurset er utvikla av Helsedirektoratet og er basert på forsking og erfaring. Kurset vert arrangert seks kveldar i regi av Bømlo frivilligsentral og Bømlo kommune med oppstart 15. november.

Tobakksfri kurs 2017 (Bømlo kommune) - Klikk for stort bilete

Kurskveldane er frå kl 18.00-20.00


1. 15. november: 10-14 dagar før snuse- eller røykeslutt - bli klar til å slutte
2. 22. november: 1 veke før snuse- eller røykeslutt –bli klar til å slutte
3. 27. november: 2-3 dagar før snuse- eller røykeslutt – bli klar til å slutte
4. 4. desember: 4 – 6 dager etter snus- eller røykeslutt - oppretthalde motivasjon
5. 13. desember: 11 – 14 dager etter snuse-eller røykeslutt- oppretthalde motivasjon
6. 10. januar: 25 – 28 dager etter snus- eller røykeslutt - oppretthalde motivasjon

 

Før kurset startar og etter kurset er ferdig får du ein individuell samtale. Kurset føregår elles gruppesamlingar. For at kurset skal gå må det vera min. 6 påmelde, max. 10 plassar. Det er ein eigendel på 250 kroner for kursmateriell, kaffe/te og frukt.


Stad: Peisestova i Røde kors huset, Telegrafvegen 2, 5427 Urangsvåg.


Kurshaldar: Anne T. Johannessen v/Bømlo frivilligsentral

 

For meir informasjon og påmelding - ta kontakt med kommunen sin lms/frisklivskoordinator
Britt Mari Farestveit: bmf@bomlo.kommune.no - 53 42 33 47 / 908 22 991

 

Publisert av Simon Knutsson Sortland. Sist endra 17.10.2017
Fant du det du leitte etter?
Kunngjeringar

Kontakt

Telefon:
53 42 33 47
Mobil:
908 22 991
Tittel:
ergoterapeut / lms og frisklivskoordinator
Bunnhjørne
 
Login for redigering