Koronavirus - info 815 55 015. Kommunal infoside

Treffpunkt og temakafe

Temakafe kreftramma (Kreftforeningen) - Klikk for stort bilete Treffpunkt_SUNNHORDLAND_Vår2019-1.jpg (Kreftforeningen) - Klikk for stort bilete

 

- Å hjelp(e) meg er første post på vårprogrammet 2019 til Temakafe Sunnhordland der forfattar Halvard Wiik deler sjølopplevde historiar. Temakafe Sunnhordland er eit tilbod for kreftramma og deira pårørande. Treffpunkt for born og unge mellom 6-16 år som har alvorleg sjukdom i familien eller som har opplevd at nokon som står dei nær er død har også starta opp.

- Temakafeen er til for kreftramma, pårørande og etterlatte. Me tek opp kreftrelaterte temar og byr på ulike kulturelle innslag. Kom innom for en kopp kaffe og ein matbit – og hyggeleg samtale med andre som har erfaringar med kreft. Kafeen drives av Kreftforeningens frivillige. Me krev inga påmelding og tilbodet er gratis, opplyser dei friviljuge som driv tilbodet.

 

Vårprogram 2019 Temakafè Sunnhordland - for deg som er råka av kreft (PDF, 304 kB)

 

Treffpunkt Sunnhordland

Treffpunkt Sunnhordland er for born og unge mellom 6-16 år som har alvorleg sjukdom i familien eller som har opplevd at nokon som står dei nær er død. Her treff dei andre born i liknande situasjon som kan forstå kjensler som skuld, angst, sinne og uro. Dei treff trygge vaksne som har tid til å kytta. leka og dela. Samtalen står sentralt, men praten skjer på borna sine premiss. På alle treffpunkt er det leik, spel og aktivitetar - då det er lov å le og å ha det gøy.

 

Treffpunkt våren 2019 (PDF, 361 kB)

 

Begge tilboda vert drive av kreftforeninga sine friviljuge. Møtetstad er på Stord kommunale rehabiliteringssenter i Lønningsåsen 9.
 

Sist endra 30.01.2019 14:07
Fant du det du leitte etter?

Kontakt

Bømlo sjukeheim
Telefon:
53 42 34 73
Mobil:
908 59 944
Tittel:
sjukepleier
Bunnhjørne
 
Login for redigering