Tressvik - vedteken reguleringsplan

Bømlo kommunestyre oppheva kommunestyrevedtaket av 20.06.2016 i sak PS 62/1 og tek klagen frå Tony Andre Bang Hidle til fylgje. Kommunestyret vedtok med heimel i Plan‐ og bygningslova §12‐3 privat detaljreguleringsplan for bustad‐ og fritidsbustadområde Tressvik gnr. 14, bnr. 27 m.fl. i Grindheimsvåg datert 13.09.2016 med tilhøyrande reguleringsføresegner.

Tressvik - endra plankart (Gøtz AS) - Klikk for stort bilete

Reguleringsplanen er rettsleg bindande utan stadfesting frå statleg styresmakt.

 

Vurderingar:

Det er uheldig at ein ikkje har sikra tilkomst til planområdet og båttopptrekk for alle innanfor planområdet, og at dette ikkje har vorte fanga opp tidlegare i arbeidet med reguleringsplanen. Føresegner og plankart må sikra tilkomst og bruk for alle innanfor planområdet.

 

Me meiner difor at denne klagen bør takast til fylgje  og at føresegner og plankart vert justert slik Bang Hidle ber om i klagen. Dette er teke opp med planleggjar og tiltakshavar. Dei er samde om at plankart og føresegner vert justert slik det kjem fram i klagebrevet. Reguleringsplankart og føresegner er no endra i samsvar med klagen.

 

Følgjebrev (PDF, 167 kB)

Vedtak (PDF, 170 kB)

Føresegner (PDF, 736 kB)

Plankart (PDF, 914 kB)

Planomtale (PDF, 2 MB)

Illustrasjon (PDF, 345 kB)

Sist endra 14.11.2016
Fant du det du leitte etter?
Kunngjeringar
 
Login for redigering