Utrekning av eigedomsskatt

For å gjennomføra takseringa av eigedomane i Bømlo valde sakkunnig nemnd å nytta ein metodikk som er brukt av mange andre kommunar. Taksten er fastsett ved hjelp av fem hovudelement:

  • Takstgrunnlag
  • Sjablongverdiar på eigedom og bygg
  • Sonefaktorar
  • Skjønsfaktorar: Ytre og indre faktor
  • Eventuelle justeringar på takst, der dette har vore naudsynt (korreksjonsprotokoll) 

 1. Takstgrunnlag
Opplysningar om adresser og areal på bygningar og tomter er henta frå ulike statlege og kommunale register, og oppsummert i Matrikkelen. Der det manglar arealopplysningar i Matrikkelen eller andre register og kommunen manglar teikningar i byggesaksarkivet, har kommunen nytta tilgjengeleg kartverk og utvendig synfaring med kontrollmåling av bygg. Det er difor særs viktig at arealopplysningane i detaljert grunnlag takst og skatt er rette.

 

2. Sjablongverdiar
Sakkunnig nemnd har utarbeidd rettleiande sjablongverdiar for grunn og diverse typar bygg. Ved utrekning av eigedomsskatten er nytta rein faktaopplysningar frå Matrikkelen saman med sonefaktor og sjablongverdiar. Sjablongen omfattar følgjande:

Etasjefaktorar for bustad, fritidsbustad, terrassehus og bustadblokker: Etasjar/etasjefaktor: Hovudetasje: 1,0. Loft:0,2. Underetasje og kjellar: 0,2.

Gjennomsnittsverdiar på tomter og hovudetasjar på bygningar (bruksareal på bygning), sjå tabell i slutten av artikkelen.

Fleire opplysningar om sjablongverdiar finn ein her i rammer og retningslinjer for taksering i henhold til lov om eigedomsskatt. (PDF, 123 kB)

 

3. Sonefaktorar
Sakkunnig nemnd har delt kommunen inn i ulike soner. Kart som visar sonefaktorane finn du her. (PDF, 195 kB)
 
For nærings- og industrieigedomar er sonefaktor 1 for heile kommunen.

 

4. Skjønsfaktorar
Indre faktor (IF): Tilhøva på eigedomen. Desse faktorane er vurdert av synfararane som har vore på eigedomen. Ytre faktor (YF): Tilhøva rundt eigedomen.

 

5. Korreksjonsprotokoll
På nokre eigedomar har sakkunnig nemnd nytta korreksjonsprotokoll for å koma fram til takst for ein eigedom. Dette vil gå fram av opplysningane i taksten og takstgrunnlaget som ligg ved brevet som er sendt alle eigarane med fast eigedom i kommunen. Når areal i bygget har anna bruk enn bygget sin hovudfunksjon, kan ei få reduksjon eller auke i taksten. I samsvar med Lov om eigedomsskatt § 5h, er landbrukseigedomar med konsesjonsplikt gitt 20 % reduksjon i taksten.
 
Takstgrunnlag
Dersom kommunen har nytta feil faktaopplysningar ved utrekning av eigedomsskatten, må eigar kontakta eigedomsskattekontoret så snart råd er. Eventuelle faktafeil vert retta ved framlegging av dokumenterte teikningar av bygg eller målebrev over tomt. For meir informasjon, kontakt Bømlo kommune, Eigedomsskattekontoret, 5430 Bremnes.


NB: Ved spørsmål om takst og takstgrunnlag må du oppgje Gnr./bnr./fnr./snr. når du vender deg til kommunen. 


Spørsmål om og klage på eigedomsskatten kan sendast her til eigedomsskatt@bomlo.kommune.no.


Her finn du informasjon om målereglar og arealutrekning (PDF, 65 kB)

Her finn du rammer og retningslinjer for taksering (PDF, 123 kB)

Sonefaktorkartet finn du her (PDF, 195 kB)

Sjablongverdiar finn du her

Sist endra 04.12.2015
Fant du det du leitte etter?
Kunngjeringar
 
Login for redigering