Varsel om oppstart av planarbeid – Fv.23 Tverråna-Alvsvågkrysset

Statens vegvesen og Hordaland fylkeskommune skal i samarbeid med Bømlo kommune i gang med å lage ein detaljreguleringsplan Fv.23 Tverråna-Alvsvågkrysset.

Svar-kvitt kart Fv.23 Tverråna - Alvsvågkrysset (Statens vegvesen) - Klikk for stort bilete

Me ber med dette om innspel til arbeidet med oppstart av planarbeid for Fv.23 Tverråna - Alvsvågkrysset.

 

Beskriving av prosjektet

Prosjektet omhandlar utbetring og oppgradering av Fv. 23 frå Tverråna til Alvsvågkrysset. I tillegg til at vegen skal utbetras så skal det også etablerast GS-veg langs strekningen, slik at det på den måten blir samanhengande GS-veg løysning heile vegen til Svortland sentrum.

 

Dei utløysande faktorane for prosjektet er at dagens fylkesveg ikkje følgjer krava til vegstandard, trafikksikkerheit eller funksjon som hovudveg for Svortland sentrum. Vegen er høgt prioritert i Bømlo kommune i forhold til trafikksikkerheit og GS-vegsystem. Sidan det er lagt opp til utbygging av bustadområdar i kommunedelplanen så vil dette gi et større behov for utbetring av vegstrekninga.

 

Kommunen har vedteke at planforslaget ikkje skal behandlast etter forskrift om konsekvensutgreiing.

 
Framdrift og frist for innspel

Me ber om at de sender synspunkt, innspel eller andre relevante opplysningar til oss innan 21.10.2016.

 

Send det til oss skriftleg anten med vanleg post til:

Statens vegvesen Region vest
Askedalen 46
863 Leikanger

 

merka med "Saksnummer 16/581"

 

eller med e-post til firmapost-vest@vegvesen.no.

 

Aktuelt regelverk

Dette varselet er sendt ut i samsvar med plan- og bygningslova §12-8. Planen blir utarbeidd etter §§12-3 og 3-7.

 

Ta gjerne kontakt

Dersom de har spørsmål om planarbeidet, kan de også kontakte Haakon Dyb Aarøe på telefon 924 29 474 eller e-post haakon.aaroe@vegvesen.no.

 

Sist endra 19.09.2016
Fant du det du leitte etter?
Kunngjeringar
 
Login for redigering