Koronavirus - info 815 55 015. Kommunal infoside

Vedteken detaljreguleringsplan for fritidsbustader Holmesjøen II gnr. 42, bnr. 6 Holme

Bømlo kommunestyre har i møte 18.06.2018 sak PS 82/18 i medhald av Plan- og bygningslova §12-3 vedteke privat detaljreguleringsplan fritidsbustader Holmesjøen II 42/6 Holme datert 19.03.2018 med tilhøyrande reguleringsføresegner.

Vedteken detaljreguleringsplan fritids-bustadområde Holmesjøen II 42/6 Holme. Kart. (J. Tufteland AS) - Klikk for stort bilete

J. Tufteland AS v/Øystein Tufteland har på vegne av Lars J. Fjell laga framlegg til reguleringsplan. Deler av området er regulert i reguleringsplan R‐94 Holmesjøen hyttefelt gnr. 42 bnr. 7, vedteken 25.06.2001. Denne planen omfattar vegen langs austsida som inngår i planområdet og krysset i kommunal veg 1143 Holmesjøen. I samråd med kommunen, har ein teke med dette for å unngå å dele den eksisterande reguleringsplanen i området i to. Planområdet er totalt ca. 10 daa.

 

Planforslaget viser 5 fritidsbustader. Desse er planlagt på romslege tomter (1,1 – 1,2 da.), slik at det vert ein open utbygging i landskapet, slik som tilgrensande område. Fritidsbustadene kan byggjast opp til 110 m2 BRA, i samsvar med kommuneplanen. I tillegg vert det høve til å byggja uthus.

 

Følgjebrev (PDF, 160 kB)

Vedtak (PDF, 281 kB)

Planomtale (PDF, 2 MB)

Føresegner (PDF, 46 kB)

Plankart (PDF, 371 kB)

Sist endra 02.07.2018 09:47
Fant du det du leitte etter?

Kontakt

Telefon:
53 42 31 56
Tittel:
Sakshandsamar plan
Bunnhjørne
 
Login for redigering