Koronavirus - info 815 55 015. Kommunal infoside

Vedteken detaljreguleringsplan for næring- og fritidsbustader Langevåg Sæverudsøy 98/2,5 og 51

Kommunestyret vedtek med heimel i Plan- og bygningslova §12-3 privat detaljreguleringsplan for næring- og fritidsbustader med tilhøyrande småbåtanlegg, parkering, badeplass og friområde på gnr. 98 , bnr. 5 og 51 Sæverudsøy i Bømlo datert 30.10.2017 med tilhøyrande reguleringsføresegner revidert 09.02.2018. 

Detaljreguleringsplan for næring- og fritidsbustader Langevåg Sæverudsøy 98/2,5 og 51. Plankart (Multiconsult) - Klikk for stort bilete

 Planområdet er totalt ca. 32 daa. Det er avsett tre område til fritidsbusetnad i planområdet. I kvart av dei tre områda er det opna for at det kan førast opp tre bygg på inntil 110 m2 BRA. Bygga kan setjast opp enkeltvis eller i rekkje, og vera på maks to etasjar. Bygga skal ha saltak, med takvinkel på mellom 35 og 45 grader. Innanfor BFR1 er det opning for at det kan etablerast eit grillhus på inntil 25 m2 BYA.

 

Fritidsbustadane skal ha eit maritimt preg, og det er ønskjeleg at avstanden ikkje vert for stor til sjøen. I område BFR1 er det opna for at det kan etablerast flytebryggekonstruksjonar. Områda BFR2 og BFR3 vil ha båtplass i småbåtanlegget BBS, som ligg mellom dei to områda.

 

Det er avsett to område til annan næring i plankartet, BAN1 og BAN2. I BAN1 er det opna for ein nærings-tilknytt fritidsbustad på maks 110 m2 BRA og maks to etasjar. I område BAN2 er det opna for eit næringsbygg på maks 200 m2 BYA og maks to etasjar. Dette bygget er tenkt nytta til møte- og representasjonslokale inkludert kjøkken m.m. Det skal ikkje leggast til rette for faste kontorarbeidsplassar i bygget. Det er heller ikkje planlagt å leggja til rette for overnatting i dette bygget.

 

Følgjebrev (PDF, 161 kB)

Vedtak (PDF, 369 kB)

Føresegner (PDF, 153 kB)

Illustrasjon (PDF, 187 kB)

Plankart (PDF, 955 kB)

Planomtale (PDF, 4 MB)

Skredfarevurdering (PDF, 2 MB)

VA-plan (PDF, 2 MB)

Kunngjering (PDF, 70 kB)

Sist endra 12.06.2018 11:03
Fant du det du leitte etter?

Kontakt

Telefon:
53 42 31 56
Tittel:
Sakshandsamar plan
Bunnhjørne
 
Login for redigering