Koronavirus - info 53 42 30 01. Kommunal infoside

Vedteken detaljreguleringsplan for utviding av industriområde Kvernavika gnr. 100, bnr. 2 m.fl. Økland

Bømlo kommunestyre har i møte 18.06.2018 sak 84/18 i medhald av Plan- og bygningslova §12-3 vedteke reguleringsplan for utviding av industriområde Kvernavika gnr. 100, bnr. 2 m.fl. Økland.

Vedteke detaljreguleringsplan for utviding av industriområde Kvernavik 100/2. Kart. (Multiconsult) - Klikk for stort bilete

Planframlegget omfattar Bremnes Fryseri sitt eksisterande næringsområde i Kvernavika i Bømlo kommune, og legg opp til ei utviding av dette. Verksemda treng meir plass for å utvikla drifta vidare, blant anna i form av større kaiareal som gir betre høve for brønnbåtar. Planframlegget samlar tre eksisterande reguleringsplanar i området, samt regulerer nokre mindre område frå kommuneplanen. Areal i eksisterande planar som ikkje vert gjort om til næring vert vidareført som dei ligg både på plankart og i føresegner.


Konsekvensane av planframlegget er vurdert som akseptable. Planen får negative konsekvensar for blant anna strandsone, friluftsliv og landskap/terreng, men ein har søkt å gjere konsekvensane minst mogleg blant anna ved å differensiera byggjehøgder. Tilkomsten til strandsona er dårlig slik området er i dag, og ein legg til grunn at det er tilstrekkeleg uberørte tur- og rekreasjonsområde nord for planområdet.


Risiko- og sårbarheitsanalysen har ikkje avdekka moment som hamnar i gul eller raud farekategori. Ein er kjend med at låg kotehøgd på kaiar kan skapa utfordringar ved stormflo, men situasjonen er akseptabel så lenge tekniske installasjonar vert etablert på kote +1,9.
 

Vedtak (PDF, 377 kB)

Planomtale (PDF, 3 MB)

Føresegner (PDF, 114 kB)

Plankart (PDF, 705 kB)

 

Publisert av Simon Knutsson Sortland. Sist endra 03.07.2018
Fant du det du leitte etter?

Kontakt

Telefon:
53 42 31 32
E-post:
Tittel:
Sakshandsamar plan
Bunnhjørne
 
Login for redigering