Koronavirus - info 815 55 015. Kommunal infoside

Vedteken reguleringsplan bustadområde Kvernahaugen på Svortland

Kommunestyret i Bømlo har i møte 10.02.2020 sak PS 12/20 vedteke reguleringsplan for bustadområde Kvernahaugen 109/17 m.fl. Svortland planid 201722.

Plankart vedteken reguleringsplan for bustadområde Kvernahaugen 109/17 m.fl. Svortland planid 201722. (J. Tufteland AS) - Klikk for stort bilete

Planarbeidet er starta opp på initiativ av utbyggjar SteinsbøHus AS hausten 2017.Utbyggjaren har avtale med dei største grunneigarane innan planområdet. Dei ynskjer å byggja nye bustader i området, i samsvar med gjeldande kommuneplan.

 

 

Planområdet

Området ligg på Svortland, vest for eksisterande bustadområde Bekk, like sørvest for Svortland sentrum. Mot nord og vest grensar området til Fv 4998 Stavlandsvegen, og mot aust går grensa langs Svortlandselva. Like nord for planområdet ligg Storavatnet, og like sør ligg Straumfjorden. Planområdet utgjer i alt ca. 12,8 da.
 
Illustrasjonsplanen viser fylgjande:
• 24 bustader i konsentrert form, med carport/garasje.
• 2 einebustader.
• 17 parkeringsplassar.
• 2 leikeplassar.
• Friluftsområde.
• Naturområde.
• Trafikkareal.
• Uteopphaldsareal.
 
Illustrasjonsplanen er ikkje juridisk bindande. Endeleg utforming av tiltak vil bli fastsett i samband med byggjesøknadar.

 

Følgjebrev (PDF, 137 kB)

Vedtak (PDF, 613 kB)

Plankart (PDF, 466 kB)

Føresegner (PDF, 130 kB)

VA-plan (PDF, 248 kB)

Illustrasjon (PDF, 2 MB)

Planomtale (PDF, 3 MB)

ROS-analyse (PDF, 311 kB)

Adv. Borgen tilsvar G. G Stavland (PDF, 9 MB)

Adv. Borgen tilsvar Undheim (PDF, 3 MB)

Anders Stavland ekstra tilsvar til G. G Stavland (PDF, 585 kB)

Anders Stavland ekstra tilsvar til Undheim (PDF, 74 kB)

 

Klageadgang

Kommunestyret sitt vedtak kan påklagast til Fylkesmannen i Vestland av dei som er part i saka eller har rettsleg klageinteresse jfr. Plan‐ og bygningslova av 27.06.2008 §§12‐12 og §1‐9 og Forvaltningslova kap. VI. Eventuelle klager skal setjast fram skriftleg ovanfor Bømlo kommune innan 3 veker frå denne kunngjeringa. Eventuelle krav om erstatning eller innløysing må setjast fram innan 3 år frå denne kunngjeringa, jfr. Plan‐ og bygningslova §§ 15‐2 og 15‐3.
 
Eventuelle klager og krav om erstatning vert å senda:
Bømlo kommune
Rådhuset
Leirdalen 1
5430 Bremnes.
Sist endra 10.03.2020 13:31
Fant du det du leitte etter?

Kontakt

Telefon:
53 42 31 56
Tittel:
Sakshandsamar plan
Bunnhjørne
 
Login for redigering