Vedteken reguleringsplan for fritidsbustadområde Karihavet

Kommunestyret vedtok med heimel i Plan‐ og bygningslova §12‐3 privat detaljreguleringsplan for fritidsbustadområde Karihavet gnr. 101, bnr. 13 m.fl. Meling i Bømlo datert 07.11.2017 med tilhøyrande reguleringsføresegner.

Vedteken detaljreguleringsplan fritidsbustadområde Karihavet 101/13 m.fl. Meling planid 201607. KART. (Gøtz AS) - Klikk for stort bilete

Gøtz AS v/Martin Gøtz har på vegne av Gunnar Meling m.fl. laga framlegg til reguleringsplan. I gjeldande kommuneplan er området på land vist som fritidsbustad med krav til reguleringsplan. Tiltaket her vil såleis vere i tråd med gjeldande kommuneplan.


Tilkomstvegar og planlagd parkeringsplass vil ligge i LNF‐ område. Planlagd parkeringsplass på eigedom 101/41, sør i planområdet, ligg delvis i bustadområde. Småbåtanlegg ligg delvis innanfor føremål for fritidsbustadar, men kjem ut i friområde i sjø nokre plassar.


Området er ikkje regulert tidlegare. Planområdet er totalt ca. 9,8 daa. 

 

Følgjebrev (PDF, 165 kB)

Vedtak (PDF, 335 kB)

Føresegner (PDF, 637 kB)

VA-plan (PDF, 667 kB)

Planomtale (PDF, 3 MB)

Illustrasjon (PDF, 369 kB)

Plankart (PDF, 767 kB)

Sist endra 26.02.2018 14:59
Fant du det du leitte etter?
Kunngjeringar

Kontakt

Telefon:
53 42 30 63
Mobil:
915 56 750
Tittel:
assisterande rådmann
Bunnhjørne
 
Login for redigering